1Herren tala til Moses og Aron og sa til dei:
2Sei til israelittane: Desse kan de eta av alle dyreslag på jorda:
3Alle dyr som har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, og jortar, dei kan de eta.
4Det er berre desse de ikkje må eta av dei som jortar og av dei som har klauver: kamelen, for han jortar nok, men har ikkje klauver; han skal de halda for urein;
5og fjellgrevlingen, for han jortar, men har ikkje klauver; han skal de halda for urein;
6og haren, for han jortar, men har ikkje klauver; han skal de halda for urein;
7og svinet, for det har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, men jortar ikkje; det skal de halda for ureint.
8Kjøtet av desse dyra må de ikkje eta, og dei daude kroppane deira må de ikkje røra. Dei skal de halda for ureine.
9Dette kan de eta av alt det som lever i vatnet: Alt som lever i vatnet, anten det er i hav eller elvar, og som har finnar og skjel, kan de eta.
10Men alt som finst i havet og elvane, alt som yrer i vatnet, alt som lever der og ikkje har finnar og skjel, det skal vera ein styggedom for dykk.
11Ein styggedom skal dei vera for dykk. Kjøtet av dei må de ikkje eta, og dei daude kroppane deira skal de ha avsky for.
12Alt i vatnet som ikkje har finnar og skjel, skal vera ein styggedom for dykk.
13Dette er dei fuglane de skal ha avsky for – dei må de ikkje eta, for dei er ein styggedom: ørna, lammegribben og svartgribben,
14glenta og alle slag falkar,
15alle slag ramnar,
16strutsen, ugla, måsen og alle slag haukar,
17kattugla, skarven og hubroen,
18slørugla, pelikanen og åtselgribben,
19storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa.
20Alt kryp som har venger og går på fire føter, skal vera ein styggedom for dykk.
21Av alt kryp som har venger og går på fire føter, må de ikkje eta anna enn det som ovanfor føtene har legger til å hoppa på marka med.
22Av grashoppeslaga kan de eta desse: solam-grashopper, hargol-grashopper og hagab-grashopper.
23Men alt anna kryp som har venger og fire føter, skal vera ein styggedom for dykk.
24Dette er dei dyra som de vert ureine av – den som kjem nær den daude kroppen deira, er urein heilt til kvelds,
25og den som ber ein slik kropp, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds:
26Alle dyr som har høver og ikkje klauver, og som ikkje jortar, skal de halda for ureine. Kvar den som kjem nær dei, vert urein.
27Og alle firføtte dyr som går på labbar, skal de halda for ureine. Den som kjem nær den daude kroppen deira, er urein heilt til kvelds.
28Og den som ber ein slik kropp, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. De skal halda dei for ureine.
29Av smådyra som det kryr av på jorda, skal de halda desse for ureine: moldvarpen, musa og alle slag firfisler,
30anaka-firfisla, koah-firfisla, leta’a-firfisla, salamanderen og kameleonen.
31Desse smådyra skal de halda for ureine. Den som kjem nær dei når dei er daude, er urein heilt til kvelds.
32Alt det som eit slikt dyr dett ned på, vert ureint, anten det er trekar eller klede, skinn eller sekker, eller nokon annan bruksting. Det skal leggjast i vatn, og det er ureint heilt til kvelds. Sidan er det reint.
33Dett eit slikt dyr ned i eit leirkar, vert alt det som er i karet, ureint, og karet skal de slå sund.
34All mat som folk et, og som vert tillaga med vatn, vert urein, og all drikk som folk drikk, vert urein i slike kar.
35Alt det som eit slikt daudt dyr dett ned på, vert ureint. Anten det er ein bakeomn eller ein kokeomn, skal dei slåast sund. Dei er ureine, og ureine skal dei vera for dykk.
36Berre kjelder og brunnar som det samlar seg vatn i, er like reine. Men den som kjem nær det daude dyret som ligg der, vert urein.
37Dett dyret ned i korn som skal såast, er kornet like reint.
38Men har dei slege vatn på kornet, og det så dett eit daudt dyr nedi, skal de halda kornet for ureint.
39Når eit dyr som de kan eta, døyr, og nokon kjem nær det daude dyret, då er han urein heilt til kvelds.
40Den som et av dyret, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. Og den som ber eit slikt dyr, skal òg vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds.
41Alle smådyra som det kryr av på marka, er ein styggedom. Dei må ikkje etast.
42Anten dei kryp på buken, eller dei går på fire eller fleire føter, må de ikkje eta dei. Dei er ein styggedom.
43Få ikkje på dykk styggedomen frå desse krypa på marka! Akta dykk for ureinskapen frå dei, så de ikkje sjølve vert ureine!
44For eg er Herren dykkar Gud. De skal helga dykk og vera heilage; for eg er heilag. De skal ikkje gjera dykk ureine med noko av det krypet som rører seg på marka.
45For eg er Herren som førte dykk opp frå Egypt og vil vera dykkar Gud. De skal vera heilage, for eg er heilag.
46Dette er lova om dyra og fuglane og alt liv som leikar i vatnet, og om alle dyr som det kryr av på marka,
47så de kan skilja mellom ureint og reint, mellom dyr som kan etast, og dyr som ikkje kan etast.