1Herren tala til Moses og Aron og sa:
2Når nokon får trote, utslett eller ein ljos flekk på skinnet, og det kan verta til hudsjukdom som gjer urein, skal dei gå til Aron, presten, med han, eller til ein av sønene hans, prestane.
3Presten skal sjå på den vonde flekken. Dersom håret der har kvitna, og den vonde flekken ser ut til å liggja djupare enn skinnet, då er det hudsjukdom som gjer urein. Når presten ser det, skal han seia frå at mannen er urein.
4Men er den vonde flekken kvit, og han ikkje ser ut til å liggja djupare enn skinnet, og håret på han ikkje har kvitna, skal presten halda den sjuke innestengd i sju dagar.
5Den sjuande dagen skal presten sjå på han att. Finn han då at flekken er som før og ikkje har breitt seg vidare utover på huda, skal han halda mannen innestengd i sju dagar til.
6Den sjuande dagen skal presten sjå på han endå ein gong. Finn han då at den vonde flekken har bleikna og ikkje ete om seg, skal han seia frå at mannen er rein. Det er berre eit utslett. Han skal vaska kleda sine, og så er han rein.
7Men breier utslettet seg etter at mannen har synt seg fram for presten og bede han seia frå at han er rein, skal han endå ein gong syna seg for presten.
8Og presten skal sjå på han. Finn han at utslettet har ete endå meir om seg, skal han seia frå at mannen er urein. Då er det hudsjukdom som gjer urein.
9Når nokon har fått denne sjukdomen, skal han førast til presten.
10Og presten skal sjå på han. Finn han at det er ein kvit trote på huda med villkjøt i, og at håret der har kvitna,
11då er det vedvarande hudsjukdom, og presten skal seia frå at han er urein. Han skal ikkje fyrst stengja mannen inne, for han er alt urein.
12Men når utslettet bryt ut på huda, så det dekkjer den sjuke frå hovud til hæl, alle stader der presten kan festa augo,
13skal presten sjå på han. Finn han at utslettet har breitt seg over heile kroppen, skal han seia frå at den sjuke er rein. Har han vorte kvit over heile kroppen, er han rein.
14Men så snart det syner seg villkjøt på han, er han urein.
15Når presten ser villkjøtet, skal han seia frå at han er urein, for villkjøtet er ureint. Det er hudsjukdom som gjer urein.
16Går villkjøtet bort att og den sjuke vert kvit, skal han koma til presten.
17Og presten skal sjå på han. Finn han at den vonde flekken har vorte kvit, skal han seia frå at den sjuke er rein. Då er han rein.
18Får nokon ein svull på huda, og han vert lækt,
19og det sidan kjem ein kvit trote eller ein bleikraud flekk der svullen var, skal han syna seg fram for presten.
20Og presten skal sjå på han. Finn han at flekken ligg djupare enn skinnet, og at håret på han har kvitna, skal han seia frå at mannen er urein. Hudsjukdom som gjer urein, har brote ut i svullen.
21Når presten ser på den vonde flekken og finn at det ikkje er kvite hår der, og at flekken ikkje ligg djupare enn skinnet, og at han har bleikna, skal han halda mannen innestengd i sju dagar.
22Et så flekken meir og meir om seg, skal presten seia frå at mannen er urein. Det er hudsjukdom som gjer urein.
23Men held den bleike flekken seg på same staden utan å breia seg, er det berre æret etter svullen, og presten skal seia frå at mannen er rein.
24Har nokon fått eit brannsår på huda, og kjøtet som gror i såret, viser seg som ein bleikraud eller kvit flekk,
25skal presten sjå på såret. Finn han at håret på den bleike flekken har kvitna, og at flekken ligg djupare enn skinnet, då har hudsjukdom brote ut i brannsåret. Det er hudsjukdom som gjer urein, og presten skal seia frå at mannen er urein.
26Når presten ser på flekken og finn at det ikkje er kvite hår på han, og at han ikkje ligg djupare enn skinnet, og at han har bleikna, skal han halda mannen innestengd i sju dagar.
27Den sjuande dagen skal presten sjå på han att. Dersom flekken då har breitt seg på skinnet, skal presten seia frå at han er urein. Det er hudsjukdom som gjer urein.
28Men er flekken bleik og har halde seg på same staden utan å breia seg, då er det ein trote etter brannsåret, og presten skal seia frå at mannen er rein. For dette er berre æret etter brannsåret.
29Får ein mann eller ei kvinne ein vond flekk på hovudet eller i skjegget,
30skal presten sjå på flekken. Finn han at flekken ligg djupare enn skinnet, og det er gult, tynt hår på han, skal han seia frå at mannen er urein. Det er skurv, hudsjukdom på hovudet eller i skjegget.
31Tykkjer presten som ser på skurvflekken, at han ikkje ligg djupare enn skinnet, og det ikkje er svarte hår på han, skal han halda den som har flekken, innestengd i sju dagar.
32Den sjuande dagen skal presten sjå på flekken. Finn han då at skurven ikkje har breitt seg, og at det ikkje er gult hår på han, og at han ikkje ser ut til å liggja djupare enn skinnet elles,
33skal mannen som har skurv, raka seg, men ikkje på skurvflekken, og presten skal halda han innestengd i sju dagar til.
34Den sjuande dagen skal presten sjå på skurvflekken. Finn han då at skurvflekken ikkje har breitt seg, og at flekken ikkje ser ut til å liggja djupare enn skinnet elles, skal han seia frå at mannen er rein. Han skal vaska kleda sine, og så er han rein.
35Dersom skurven breier seg på skinnet etter at mannen vart sagd rein,
36skal presten sjå på han. Finn han at skurven har breitt seg, skal han ikkje leita etter det gule håret. Mannen er urein.
37Men tykkjer presten at skurvflekken held seg på same staden, og har det vakse svarte hår på han, då er sjukdomen lækt. Mannen er rein, og presten skal seia frå at han er rein.
38Får ein mann eller ei kvinne flekker, kvite flekker på kroppen,
39skal presten sjå på dei. Finn han bleike, kvite flekker på skinnet, er det berre eit ufarleg utslett som har brote ut, og mannen eller kvinna er rein.
40Om ein mann misser håret på hovudet så han vert snau, er han likevel rein.
41Misser han pannehåret og vert skallet, er han rein.
42Men viser det seg ein bleikraud flekk der han er skallet, anten det er i nakken eller i panna, er det hudsjukdom som bryt ut.
43Presten skal sjå på han. Finn han ein bleikraud trote i nakken eller skallen, og det ser ut til å vera hudsjukdom som gjer urein,
44då har mannen fått denne sjukdomen. Han er urein, og presten skal seia frå at han er urein. Han har hudsjukdom i hovudet.
45Den som har fått hudsjukdom som gjer urein, skal riva sund kleda og la håret hanga fritt. Han skal sveipa eit plagg kring skjegget og ropa: «Urein, urein!»
46Så lenge han er sjuk, er han urein. Han skal bu for seg sjølv. Utanfor leiren skal han halda til.
47Kjem det åt på eit klesplagg av ull eller lin,
48eller på noko som er vove eller strikka av lin eller ull, eller på skinn eller noko som er laga av skinn,
49og det er grønvorne eller raudvorne flekker på plagget eller skinnet eller det som er vove eller strikka, eller på det som er laga av skinn, då er det åt, og det skal synast fram for presten.
50Presten skal sjå på det som åtet er kome på, og halda det innelåst i sju dagar.
51Den sjuande dagen skal han sjå på det att. Har flekken då breitt seg på plagget eller på det som er vove eller strikka, eller på skinnet eller på det som er laga av skinn, er det eit stygt åt. Det er ureint.
52Han skal brenna det som det er flekker på, anten det er eit plagg eller noko som er vove eller strikka av ull eller lin, eller noko som er laga av skinn. For det er eit stygt åt. Det skal brennast.
53Men dersom presten, når han ser på det, finn at flekken ikkje har breitt seg på plagget eller på det som er vove eller strikka, eller på det som er laga av skinn, kva det så måtte vera,
54då skal han setja folk til å vaska det som det er flekker på, og halda det innelåst i sju dagar til.
55Presten skal sjå på det etter at det er vaska. Finn han at flekkene ikkje ser annleis ut enn før, då er det ureint, jamvel om skaden ikkje har breitt seg. Du skal brenna det. Det er slikt som et seg inn, på retta eller ranga.
56Men dersom presten ser på det og finn at flekkene har bleikna etter vasket, då skal han riva det av plagget eller skinnet eller av det som er vove eller strikka.
57Kjem flekkene att sidan, på plagget eller på det som er vove eller strikka, eller på det som er laga av skinn, då er det åt som syner seg. Du skal brenna det som det er flekker på.
58Men har eit plagg eller noko som er vove eller strikka, eller noko av skinn, flekker som går av når ein vaskar det, skal det vaskast ein gong til. Då er det reint.
59Dette er lova om åt på klesplagg av ull eller lin og på det som er vove eller strikka, og på alle slag ting som er laga av skinn. Etter den skal dei seiast reine eller ureine.