Judges 11NO1978NN

1Jefta frå Gilead var ein djerv krigar. Han var son til ei skjøkje, og Gilead var far hans.

2Med kona si hadde Gilead òg søner. Då dei vart vaksne, jaga dei Jefta bort og sa til han: «Du får ikkje noko av arven etter far vår; for du er son til ei framand kvinne.»

3Då rømde Jefta for brørne sine og slo seg ned i Tob-landet. Og det samla seg mange lause karar om han og var med på ferdene hans.

4Ei tid etter byrja ammonittane krig mot Israel.

5Då dei gjekk til strid mot israelittane, tok dei eldste i Gilead ut og ville henta Jefta heim frå Tob.

6Dei sa til han: «Kom og ver føraren vår, så vil vi strida mot ammonittane.»

7Men Jefta sa til dei eldste i Gilead: «Var det ikkje de som hata meg og dreiv meg bort frå farshuset mitt? Kvifor kjem de til meg no når de er i naud?»

8Dei eldste svara: «Det er då difor vi kjem til deg att. Går du med oss og strider mot ammonittane, skal du vera hovdingen vår og rå over alle som bur i Gilead.»

9Då sa Jefta til dei eldste i Gilead: «Får de meg til å fara heim og strida mot ammonittane, og Herren gjev dei i mi makt, så er det eg som skal vera hovdingen dykkar.»

10Dei eldste svara: «Herren skal vera vitne mellom oss og straffa oss om vi ikkje gjer som du seier.»

11Då gjekk Jefta med dei eldste i Gilead. Folket gjorde han til hovding og førar, og i Mispa tok han opp att alle orda sine for Herrens åsyn.

12Jefta sende bod til ammonittkongen og sa: «Har vi noko uteståande med kvarandre sidan du kjem hit og gjer åtak på landet mitt?»

13Ammonittkongen svara sendemennene frå Jefta: «Då israelittane kom frå Egypt, tok dei landet mitt mellom Arnon og Jabbok, heilt bort til Jordan. Lat meg no få det att med det gode!»

14Endå ein gong sende Jefta bod til ammonittkongen

15med dei orda: Så seier Jefta: Israel har ikkje teke landet frå moabittane eller ammonittane.

16På vegen frå Egypt fór israelittane gjennom øydemarka til Sevsjøen, og dei kom til Kadesj.

17Då sende dei bod til kongen i Edom og sa: «Lat oss få fara gjennom landet ditt!» Men kongen høyrde ikkje på dei. Til Moab-kongen sende dei òg bod. Men heller ikkje han ville høyra på dei. Så gav israelittane seg til i Kadesj.

18Då dei sidan heldt fram gjennom øydemarka, fór dei utanom Edom og Moab. Dei drog nordetter aust for Moab og leira seg på hi sida av Arnon. Dei kom ikkje inn på Moabs grunn, for Arnon er grensa mot Moab.

19Så sende israelittane bod til kongen i Hesjbon, amorittkongen Sihon, og sa til han: «Lat oss få fara gjennom landet ditt, så vi kjem dit vi skal.»

20Men Sihon trudde ikkje Israel så vel at han torde la dei fara gjennom landet sitt. Han samla heile hæren sin. Dei leira seg ved Jahsa, og så gjekk han til strid mot Israel.

21Men Herren, Israels Gud, gav Sihon og heile hæren hans i hendene på israelittane. Israel slo dei og la under seg landet åt dei amorittane som budde der.

22Heile amorittlandet la dei under seg, frå Arnon til Jabbok og frå øydemarka til Jordan.

23Såleis dreiv Herren, Israels Gud, amorittane bort og gav landet til Israel, folket sitt. Og no vil du ta det frå dei!

24Er det ikkje så at det som Kamosj, guden din, lèt deg vinna, det legg du under deg, og alt det som Herren vår Gud lèt oss vinna, det legg vi under oss?

25Er du så mykje betre enn Balak Sipporsson, moabittkongen? Gjekk han til strid mot Israel? Tok han på dei?

26No er det tre hundre år sidan Israel busette seg i Hesjbon og byane der ikring, i Aroer og byane der ikring og i alle byane langsmed Arnon. Kvifor har de ikkje teke dei att i heile denne tida?

27Eg har ikkje gjort deg noko vondt; men du gjer meg stor urett når du no tek på meg. Herren, som er domaren, skal i dag døma mellom israelittane og ammonittane.

28Men ammonittkongen ville ikkje høyra på det sendemennene frå Jefta sa til han.

29Då kom Herrens Ande over Jefta, og han fór gjennom Gilead og Manasse og heilt til Mispa i Gilead; derifrå drog han ut mot ammonittane.

30Og Jefta gav Herren ein lovnad og sa: «Gjev du ammonittane i mi hand,

31så skal den fyrste som går ut gjennom husdøra mi og møter meg når eg kjem velberga heim att frå striden med ammonittane, høyra Herren til. Eg skal bera han fram som brennoffer.»

32Så drog Jefta ut og stridde mot ammonittane, og Herren gav dei i hans makt.

33Han slo dei og tok landet frå Aroer til bort imot Minnit, med tjue byar, og alt til Abel-Keramim. Det vart eit stort mannefall, og ammonittane laut bøya seg under israelittane.

34Då Jefta kom heim att til Mispa, gjekk dotter hans ut imot han med handtrommer og dans. Ho var einaste barnet hans; utanom henne hadde han korkje son eller dotter.

35Med det same han fekk sjå henne, reiv han sund kleda sine og ropa: «Å, dotter mi, for ei sorg du valdar meg, for ei ulukke du fører meg i! Eg har gjeve Herren ein lovnad, og eg kan ikkje ta att ordet mitt.»

36Då sa ho til han: «Far, har du gjeve Herren ein lovnad, så gjer med meg som du har sagt, sidan Herren lét deg få hemn over ammonittane, uvenene dine.

37Men éin ting ville eg gjerne at du gav meg lov til,» sa ho til far sin. «Lat meg få vera fri i to månader, så eg kan gå ikring på fjella med veninnene mine og gråta over mitt unge liv, eg som lyt fara herifrå som møy.»

38«Gjer så!» sa faren, og lét henne vera borte i to månader. Så gjekk ho på fjella med veninnene sine og gret fordi ho laut døy så ung.

39Men då dei to månadene var lidne, kom ho heim att til far sin, og han gjorde med henne det som han hadde lova. Ho hadde aldri vore nær nokon mann. Sidan har det vore sed i Israel

40at unge jenter, fire dagar om året, går ut og syng klagesongar til minne om dotter til Jefta frå Gilead.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Judges 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.