Judges 12NO1978NN

1Mennene i Efraim samla seg til strid og drog nordetter. Dei sa til Jefta: «Kvifor sende du ikkje bod etter oss så vi kunne ha vore med då du drog av stad og ville strida mot ammonittane? No vil vi setja eld på huset du bur i.»

2Jefta svara: «Eg og folket mitt låg i hard strid med ammonittane. Då sende eg bod på dykk, men de hjelpte meg ikkje imot dei.

3Og då eg såg at de ikkje ville hjelpa, våga eg livet og gjekk imot ammonittane, og Herren gav dei i hendene mine. Kvifor kjem de no farande og vil slåst med meg?»

4Så samla Jefta alle mennene i Gilead til strid mot Efraim. Og Gilead-mennene hogg efraimittane ned; for dei hadde sagt: «De er rømingar frå Efraim, de Gilead-folk. De høyrer heime i Efraim, men bur i Manasse.»

5Gilead-mennene stengde vadestadene over Jordan for efraimittane. Kvar gong det kom ein efraimitt som hadde rømt, og ville sleppa over, spurde dei: «Er du frå Efraim?» Svara han då nei,

6sa dei til han: «Sei sjibbolet!» Men sa han «sibbolet», fordi han ikkje kunne seia ordet rett, så greip dei han og drap han der ved vadestadene over Jordan. Den gongen fall det førtito tusen mann av Efraims-ætta.

7Jefta frå Gilead var domar i Israel i seks år. Så døydde han og vart gravlagd i heimbyen sin i Gilead.

8Etter Jefta var Ibsan frå Betlehem domar i Israel.

9Han hadde tretti søner. Tretti døtrer gifte han bort, og tretti sonekoner henta han heim. Han styrte Israel i sju år.

10Så døydde Ibsan og vart gravlagd i Betlehem.

11Etter han vart Elon frå Sebulon domar i Israel. Han styrte Israel i ti år.

12Så døydde Elon og vart gravlagd i Ajjalon i Sebulons-landet.

13Etter han vart Abdon Hillelson frå Piraton domar i Israel.

14Han hadde førti søner og tretti sonesøner. Dei reid på sytti eselfolar. Han styrte Israel i åtte år.

15Så døydde Abdon Hillelson frå Piraton og vart gravlagd i Piraton i Efraims-landet, på amalekittfjellet.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Judges 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.