1Etter Abimelek stod Tola fram og berga Israel. Han var son til Pua Dodoson av Jissakars-ætta, og budde i Sjamir på Efraims-fjellet.
2Han var domar i Israel i tjuetre år. Så døydde han og vart gravlagd i Sjamir.
3Etter han stod Ja’ir frå Gilead fram. Han var domar i Israel i tjueto år.
4Han hadde tretti søner; dei reid på tretti esel og åtte tretti teltbyar som enno i dag vert kalla Ja’irs teltbyar. Dei ligg i Gilead-landet.
5Då Ja’ir døydde, vart han gravlagd i Kamon.
6Men israelittane gjorde atter det som vondt var i Herrens augo. Dei dyrka Ba’al-gudane og Astarte-bileta og gudane åt folket i Aram, Sidon, Moab, Ammon og Filistarlandet. Dei vende seg frå Herren og ville ikkje tena han.
7Då vart Herren brennande harm på israelittane, og han gav dei i hendene på filistarane og ammonittane.
8Alt same året knuste dei israelittane og kua dei. I atten år trælka dei alle israelittane som budde austanfor Jordan, i amorittlandet, i Gilead.
9Ammonittane sette jamvel over Jordan og gjekk til strid mot Juda, Benjamin og Efraim. Og israelittane kom i stor naud.
10Då ropa israelittane til Herren og sa: «Vi har synda mot deg. Vi har vendt oss bort frå vår Gud og dyrka Ba’al-gudane.»
11Herren svara: «Har eg ikkje berga dykk frå egyptarane, amorittane, ammonittane, filistarane,
12sidonarane, amalekittane og midjanittane? Då dei plaga dykk, ropa de til meg, og eg berga dykk ut or hendene deira.
13Men de vende dykk bort frå meg og dyrka andre gudar. Difor vil eg ikkje hjelpa dykk meir.
14Gå og kalla på dei gudane som de har valt! Lat dei frelsa dykk no når de er i naud.»
15Då sa israelittane til Herren: «Vi har synda. Gjer med oss som du synest, berre du vil hjelpa oss denne gongen!»
16Så skilde dei seg av med dei framande gudane og tente Herren. Då heldt han ikkje ut å sjå på Israels naud.
17Ammonittane samla seg til strid og slo leir i Gilead. Israelittane fylka seg og slo leir i Mispa.
18Då sa folket og hovdingane i Gilead til kvarandre: «Kvar er den mannen som vil gå fyrst i striden mot ammonittane? Han skal vera hovding over alle som bur i Gilead.»