Bible

Create

Inspiring Presentations Without Hassle

Try Risen Media.io Today!

Click Here

Judges 9

:
Norwegian - NO1978NN
1 Abimelek, son til Jerubba’al, fór til morbrørne sine i Sikem. Han tala med dei og med alt morfolket sitt og sa:
2 «Kjære, tala no alle mennene i Sikem høyrer det, og spør dei: Kva er best for dykk, at sytti mann, alle sønene til Jerubba’al, rår over dykk, eller at berre ein mann har råderetten? Og kom i hug at vi er same folket.»
3 tala morbrørne om han til alle mennene i Sikem og la alt fram for dei. Og hugen drog dei til Abimelek. «Han er ein av våre,» sa dei.
4 gav dei han sytti sekel av tempelskatten åt Ba’al-Berit. For dei leigde Abimelek nokre lause og uvørdne karar, og dei fylgde han.
5 fór han til huset åt far sin i Ofra og drap brørne sine, sønene til Jerubba’al, sytti mann éin stein. Berre Jotam, yngste sonen til Jerubba’al, vart att; for han hadde gøymt seg.
6 samla dei seg, alle mennene i Sikem og alle som var i by-borga. Dei gjekk ut og gjorde Abimelek til konge, under eika der minnesteinen i Sikem står.
7 Jotam fekk vita det, gjekk han opp toppen av Garisim-fjellet. Der stod han og ropa til dei: Høyr meg, de Sikems-menner, skal Gud høyra dykk!
8 Det var ein gong at trea ville salva seg ein konge. Dei sa til oliventreet: «Du skal vera kongen vår.»
9 Men oliventreet svara: «Skulle eg gje avkall ¬på oljen min, som gudar og menneske ¬ærar meg for, og gje meg til å svaga ¬over skogen?»
10 sa dei til fikentreet: «Kom du og ver kongen vår!»
11 Fikentreet svara: «Skulle eg gje avkall ¬på mi søte, gode frukt og gje meg til å svaga ¬over skogen?»
12 sa dei til vintreet: «Kom du og ver kongen vår!»
13 Vintreet svara: «Skulle eg gje avkall ¬på safta mi, som gjer gudar og menneske ¬glade, og gje meg til å svaga ¬over skogen?»
14 sa alle trea til klungeren: «Kom du og ver kongen vår!»
15 Klungeren svara: «Er det alvor at de vil salva meg til konge, kom og svala dykk ¬i skuggen min! Men er det ikkje, skal det fara eld ¬ut frå klungeren, og han skal øyda ¬sedrane Libanon.»
16 Har de fare ærleg og trufast fram når de no har teke Abimelek til konge? Har de gjort vel mot Jerubba’al og ætta hans og lønt far min for det han gjorde
17 han stridde for dykk og våga livet og berga dykk frå midjanittane?
18 I dag har de reist dykk mot ætta åt far min og drepe sønene hans, sytti mann éin stein, og har de gjort Abimelek, son åt trælkvinna hans, til konge over borgarane i Sikem, fordi han er frenden dykkar.
19 Har de i dag fare ærleg og trufast fram mot Jerubba’al og ætta hans, gjev de glede av Abimelek, og gjev han glede av dykk!
20 Men har de ikkje det, skal det fara eld ut frå Abimelek og tyna Sikems-mennene og dei som bur i borga. Og eld skal fara ut frå Sikems-mennene og dei som bur i borga, og tyna Abimelek.
21 rømde Jotam og kom seg unna. Han fór til Be’er; og der slo han seg ned, Abimelek, bror hans, ikkje kunne i han.
22 I tre år styrte Abimelek i Israel.
23 sende Gud ei vond ånd som vekte strid mellom Abimelek og Sikems-mennene, og dei sveik Abimelek.
24 Dette hende for at same valdsverket som vart gjort mot dei sytti sønene åt Jerubba’al dei miste livet, skulle koma både over Abimelek, frenden deira, som hadde drepe dei, og over Sikems-mennene, som stødde han han kunne drepa brørne sine.
25 Sikems-mennene la folk i bakhald fjelltindane for å halda auga med Abimelek, og dei rana alle som fór framom dei vegen. Dette fekk Abimelek vita.
26 den tid kom Ga’al Ebedsson med brørne sine og flytte inn i Sikem, og folket der sette si lit til han.
27 Dei gjekk ut marka og hausta vingardane sine, pressa druene og heldt fest og var glade. gjekk dei inn i templet til guden sin, åt og drakk og banna Abimelek.
28 sa Ga’al Ebedsson: «Er Abimelek slik mann og Sikems-buane slike folk at vi skulle vera trælane hans? Er han ikkje son til Jerubba’al, og Sebul tilsynsmannen hans? Ten dei mennene som er ætta frå Hamor, far til Sikem! Men kvifor skulle vi træla under denne mannen?
29 Gjev eg hadde dette folket i mi makt, skulle eg nok Abimelek or vegen. skulle eg seia til han: Auka hæren din, Abimelek, og dra ut i strid!»
30 Sebul, hovdingen i byen, fekk høyra kva Ga’al Ebedsson hadde sagt, vart han brennande harm.
31 Han sende i løynd bod til Abimelek og sa: «Ga’al Ebedsson og brørne hans er komne til Sikem og øser opp byen mot deg.
32 Ta no i veg om natta med det folket du har hjå deg, og legg deg i bakhald ute marka!
33 Når det dagast, og sola sprett, skal du rykkja fram og ta byen. vil Ga’al og folket hans fara ut imot deg, og du kan gjera med han det du får høve til.»
34 Abimelek tok ut om natta med alt det folket han hadde hjå seg, og dei la seg i bakhald mot Sikem i fire flokkar.
35 No bar det til at Ga’al Ebedsson kom ut og stod i byporten i det belet Abimelek og folket hans kom fram frå bakhaldet.
36 Ga’al fekk auga dei og sa til Sebul: «Sjå, det kjem folk ned frå fjelltoppane!» Sebul svara: «Det er skuggen av fjella du tek for folk.»
37 Men Ga’al heldt sitt og sa: «Jau, det kjem folk ned frå Midtfjellet, og ein annan flokk kjem vegen frå Spåmannseika.»
38 sa Sebul til han: «Kvar er no dei store orda dine? Det var du som sa: Er Abimelek slik mann at vi skulle træla under han? Sjå, der er dei folka du vørde lite. Dra no ut og strid imot dei!»
39 drog Ga’al ut med Sikems-mennene og stridde mot Abimelek.
40 Men Abimelek sette etter han og jaga han føre seg. Mange lét livet; det låg falne heilt bort til byporten.
41 Sidan slo Abimelek seg ned i Aruma. Og Sebul dreiv Ga’al og brørne hans bort; dei fekk ikkje bu i Sikem.
42 Dagen etter skulle Sikems-folket ut marka. Abimelek fekk vita det,
43 tok han og delte hæren sin i tre flokkar og la seg i bakhald ute marka, og han såg at folka kom ut or byen, sette han dei og slo dei.
44 Sjølv sprang han fram og stelte seg i byporten saman med den flokken som fylgde han, medan dei to andre flokkane tok alle som var ute marka, og hogg dei ned.
45 Abimelek stridde mot byen heile dagen og tok han. Folket som var der, slo han i hel; byen reiv han ned og strøydde salt tufta.
46 mennene i Sikems-borga høyrde det, gjekk dei alle inn i kjellar-romet under El-Berit-templet.
47 snart Abimelek fekk vita at alt folket i Sikems-borga hadde samla seg,
48 gjekk han opp Salmon-fjellet med alle mennene sine. Han tok ei øks i handa og hogg greiner av trea, tok dei opp og la dei akslene og sa til folka sine: «Skunda dykk og gjer like eins som de såg meg gjera.»
49 hogg alle mennene kvar si bør med greiner og fylgde etter Abimelek. Dei la greinene over kjellar-romet og brende dei over hovudet dei som var der. Såleis miste dei livet, alle som var i Sikems-borga, om lag tusen menn og kvinner.
50 Sidan gjekk Abimelek mot Tebes. Han kringsette byen og tok han.
51 Midt i byen var det eit festningstårn. Dit rømde alt folket i byen, både menn og kvinner. Dei stengde etter seg og gjekk opp taket.
52 Abimelek gjekk fram mot tårnet og ville ta det. Men han kom innåt porten i tårnet og ville setja eld han,
53 var det ei kvinne som kasta ein kvernstein i hovudet han, skallen vart knust.
54 Abimelek ropa snøgt til våpensveinen sin: «Dra sverdet og drep meg, det ikkje skal seiast at ei kvinne slo meg i hel!» stakk tenaren sverdet gjennom han, og han døydde.
55 israelittane såg at Abimelek var død, gjekk dei heim, kvar til sitt.
56 Såleis gav Gud Abimelek lika for det valdsverket han gjorde mot far sin han drap dei sytti brørne sine.
57 Og alt det vonde som mennene i Sikem hadde gjort, lét Gud koma att over dei sjølve. Dei fekk sanna den forbanninga som Jotam Jerubba’alsson hadde lyst over dei.