Joshua 9NO1978NN

1Alle kongane som budde vestanfor Jordan, i fjellbygdene, i Sjefela og langsmed heile havstranda opp mot Libanon, hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane, fekk høyra om det som hadde hendt.

2Då samla dei seg alle som ein og ville strida mot Josva og israelittane.

3Folket i Gibeon fekk òg høyra kva Josva hadde gjort med Jeriko og Ai.

4Då greip dei til ei list: Dei gjekk bort og tok seg ferdakost, og på esla sine la dei gamle sekker og utslitne vinhiter, som var både sprokne og bøtte.

5Dei hadde gamle, lappa skor på føtene og fillete klede på kroppen; og alt nistebrødet deira var turt og smuldra.

6Såleis kom dei til Josva i leiren ved Gilgal og sa til han og israelittane: «Vi kjem frå eit land langt borte. Gjer no pakt med oss!»

7Men Israels-mennene sa til hevittane: «De bur vel tett attmed oss. Korleis kan vi då gjera pakt med dykk?»

8Då sa dei til Josva: «Vi er trælane dine.» Josva spurde: «Kven er de, og kvar kjem de frå?»

9Dei svara: «Trælane dine er komne hit frå eit land langt borte, fordi det går ord om Herren din Gud. Vi har høyrt gjete han og alt det han gjorde i Egypt,

10og alt det han gjorde med dei to amorittkongane austanfor Jordan, Sihon, kongen i Hesjbon, og Basan-kongen Og, som budde i Asjtarot.

11Då sa styresmennene våre og alle som bur i landet vårt, til oss: Ta med dykk niste på vegen, far til møtes med dei og sei til dei: Vi er trælane dykkar. Gjer no pakt med oss!

12Her ser de brødet vårt. Det var varmt då vi tok det med oss heimanfrå den dagen vi drog av stad og ville møta dykk. Men sjå no kor turt og smuldra det er!

13Her er vinhitene våre. Dei var nye då vi fylte dei, men no er dei sprokne. Og her ser de kleda og skorne våre. Dei har vorte utslitne på den endelause ferda.»

14Då tok mennene og smaka på nista deira; men dei spurde ikkje Herren til råds.

15Og Josva gjorde fred og pakt med dei og lova at dei skulle få leva. Og leiarane i folket gjorde eid på det.

16Men tre dagar etter at dei hadde gjort pakt med Gibeon-buane, fekk dei vita at dei høyrde heime i grannelaget og budde tett attmed dei.

17Då tok israelittane ut, og tredje dagen kom dei til byane deira. Det var Gibeon, Kefira, Be’erot og Kirjat-Jearim.

18Men dei slo ikkje i hel folket der, sidan leiarane hadde gjeve dei ein lovnad og svore ved Herren, Israels Gud. Då murra heile folket mot leiarane.

19Men alle leiarane tala til folket og sa: «Vi har gjeve dei ein lovnad og svore ved Herren, Israels Gud, og no kan vi ikkje leggja hand på dei.

20Høyr kva vi vil gjera med dei! Vi vil spara livet deira og ikkje bryta den eiden vi svor dei. For då kallar vi Guds harme ned over oss.

21Dei skal få leva,» sa leiarane, «men dei skal vera vedhoggarar og vassberarar for heile folket.» Og det vart som leiarane sa.

22Josva kalla mennene frå Gibeon føre seg og sa til dei: «Kvifor narra de oss og sa at de bur langt borte? De bur då tett attmed oss.

23No skal de vera forbanna. Ingen av dykk skal sleppa å vera træl. De skal hogga ved og bera vatn til huset åt min Gud.»

24Då svara dei Josva så: «Trælane dine fekk vita at Herren din Gud hadde lova Moses, tenaren sin, at han ville gje dykk heile landet og rydja ut for dykk alle som bur der. Då vart vi livande redde for dykk. Difor gjorde vi dette.

25Men no er vi i dine hender. Gjer med oss som du finn for godt.»

26Då gjorde han med dei som han hadde sagt; han berga dei for israelittane, så dei ikkje vart drepne.

27Men same dagen sette Josva dei til å hogga ved og bera vatn for folket og til Herrens altar, på den staden Herren ville velja seg ut, og det har dei gjort til denne dag.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Joshua 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.