Joshua 10NO1978NN

1Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, fekk høyra at Josva hadde teke Ai og bannstøytt byen, og at han hadde gjort like eins med Ai og kongen der som med Jeriko og kongen der. Han fekk òg høyra at folket i Gibeon hadde gjort fred med israelittane og budde midt imellom dei.

2Då vart han livande redd; for Gibeon var ein stor by, som ein kongestad, større enn Ai, og alle mennene der var djerve krigarar.

3Så sende Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, bod til Hoham, kongen i Hebron, til Piram, kongen i Jarmut, til Jafia, kongen i Lakisj, og til Debir, kongen i Eglon, og sa:

4«Kom opp og hjelp meg, så vi kan slå folket i Gibeon fordi dei har gjort fred med Josva og israelittane.»

5Då kom dei saman desse fem amorittkongane og drog opp med hærane sine. Det var kongane i Jerusalem, Hebron, Jarmut, Lakisj og Eglon. Dei kringsette Gibeon og ville ta på byen.

6Men folket i Gibeon sende bod til Josva i leiren ved Gilgal og sa: «Slå ikkje handa av trælane dine, men kom opp til oss så fort du kan! Hjelp oss og berga oss! For alle amorittkongane som bur i fjellbygdene, har slege seg i hop mot oss.»

7Så tok Josva ut frå Gilgal med heile hæren, alle dei djerve krigarane sine.

8Og Herren sa til han: «Ver ikkje redd amorittkongane! Eg gjev dei i dine hender. Ikkje ein av dei skal kunna stå seg mot deg.»

9Josva kom brått over dei, etter at han hadde vore på vegen frå Gilgal heile natta.

10Og Herren sette slik støkk i dei då israelittane kom, at dei leid eit stort nederlag ved Gibeon. Sidan forfylgde Josva dei på vegen som ber opp til Bet-Horon, heilt til Aseka og Makkeda, og hogg dei ned.

11Som dei rømde for israelittane og var komne til bakken ved Bet-Horon, sende Herren store hagl ned over dei frå himmelen, så dei fall døde til jorda bortetter heile vegen til Aseka. Dei som sette livet til i haglskura, var fleire enn dei som israelittane drap med sverd.

12Den gongen ropa Josva til Herren, då Herren gav amorittane i Israels vald. Han sa så heile Israel høyrde det: «Stå still, du sol, i Gibeon, dryg, du måne, i Ajjalons dal!»

13Og sola stod still, ¬og månen stogga til folket fekk hemn ¬over sine fiendar. Så står det skrive i «Boka åt den rettvise». Sola vart ståande midt på himmelen og drygde mest ein heil dag før ho gjekk ned.

14Aldri, anten før eller sidan, har det vore ein dag som denne, då Herren bønhøyrde ein mann såleis. For Herren stridde for Israel.

15Så fór Josva og heile Israel med han attende til leiren ved Gilgal.

16Men dei fem kongane rømde og gøymde seg i hola bortmed Makkeda.

17Då Josva fekk melding om at dei fem kongane var funne, og at dei hadde gøymt seg i hola bortmed Makkeda,

18sa han: «Velt store steinar framfor inngangen til hola og set nokre menn til å halda vakt der!

19Men sjølve må de ikkje stansa. Set etter fiendane og hogg ned dei som er attarst i flokken. Lat dei ikkje få koma inn i byane sine! For Herren dykkar Gud har gjeve dei i dykkar hender.»

20Josva og israelittane knuste fiendane og gjorde reint ende på dei. Berre nokre få slapp unna og berga seg inn i festningsbyane.

21Då slaget var over, kom heile hæren uskadd attende til Josva i leiren ved Makkeda. Og det fanst ingen som torde kny mot israelittane.

22Då sa Josva: «Ta bort steinane som ligg framfor inngangen til hola, og før dei fem kongane ut til meg!»

23Så vart gjort; dei førte dei fem kongane ut til han frå hola: kongen i Jerusalem, kongen i Hebron, kongen i Jarmut, kongen i Lakisj og kongen i Eglon.

24Då dei hadde ført kongane ut til Josva, kalla han saman alle Israels-mennene og sa til hærførarane som hadde fylgt han i striden: «Kom hit og set foten på nakken åt desse kongane!» Då gjekk dei fram og sette foten på nakken deira.

25Og Josva sa til dei: «Ver ikkje redde, og miss ikkje motet! Ver djerve og sterke! For såleis vil Herren gjera med alle fiendar de kjem i strid med.»

26Så hogg Josva dei ned. Han drap dei og hengde dei opp i fem tre, og der vart dei hangande til kvelds.

27Men då sola gladde, lét Josva mennene sine ta dei ned or trea og kasta dei inn i den hola dei hadde gøymt seg i. Framfor inngangen til hola la dei store steinar, og dei ligg der den dag i dag.

28Same dagen tok Josva Makkeda og øydde byen med odd og egg. Han bannstøytte både kongen og kvart levande liv som der fanst; ingen vart att, og ingen slapp unna. Med kongen i Makkeda gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.

29Frå Makkeda fór Josva med heile Israel til Libna. Han tok på byen,

30og Herren gav både Libna og kongen der i Israels hender. Josva øydde byen med odd og egg og tynte kvart liv som fanst der; ingen vart att, og ingen slapp unna. Med kongen gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.

31Frå Libna fór Josva med heile Israel til Lakisj. Han kringsette byen og tok på han.

32Og Herren gav Lakisj i hendene på israelittane. Alt andre dagen tok dei byen. Dei øydde han med odd og egg og tynte kvart liv som fanst der, som dei hadde gjort i Libna.

33Då kom Haros, kongen i Geser, opp og ville hjelpa Lakisj. Men Josva hogg ned både han og mennene hans; ingen vart att, og ingen slapp unna.

34Frå Lakisj fór Josva med heile Israel til Eglon. Dei kringsette byen og gjekk til åtak på han.

35Same dagen tok dei han og øydde han med odd og egg. Den dagen bannstøytte dei kvart liv som fanst der, som dei hadde gjort i Lakisj.

36Frå Eglon fór Josva med heile Israel til Hebron. Dei stridde mot byen

37og tok han. Med odd og egg øydde dei både byen og bygdene rundt ikring og tynte kongen og kvart liv som fanst der; ingen vart att, og ingen slapp unna. Dei fór i alle måtar fram som dei hadde gjort med Eglon. Dei bannstøytte byen og kvart liv som der var.

38Sidan vende Josva og heile Israel seg mot Debir. Dei stridde mot byen

39og tok både den og kongen som budde der, og alle byane ikring. Dei øydde alt med odd og egg og bannstøytte kvart liv som fanst i byen; ingen vart att, og ingen slapp unna. Josva gjorde like eins med Debir og kongen der som han hadde gjort med Hebron og med Libna og kongen der.

40Såleis tok Josva heile landet, både fjellbygdene, Negev, Sjefela og liene. Han slo alle kongane som budde der, og lét ingen vera att eller sleppa unna. Kvart levande liv bannstøytte han, som Herren, Israels Gud, hadde sagt han føre.

41Josva tok alt landet mellom Kadesj-Barnea og Gasa og heile Gosen-landet til Gibeon.

42Han slo alle kongane der og tok landet deira på ein gong. For Herren, Israels Gud, stridde for Israel.

43Så fór Josva med heile Israel attende til leiren ved Gilgal.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Joshua 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.