Joshua 11NO1978NN

1Då Jabin, kongen i Hasor, fekk høyra om dette, sende han bod til Jobab, kongen i Madon, til kongane i Sjimron og Aksjaf

2og til dei andre kongane der nord, både i fjellbygdene og i Jordan-dalen sør for Kinneret, i låglandet og på Dor-høgdene utmed havet.

3Han sende bod til kanaanearane både i aust og i vest, til amorittane, hetittane og perisittane, til jebusittane i fjellbygdene og hevittane nedunder Hermon, i Mispa-landet.

4Då tok dei ut med hærane sine, ein flokk så talrik som sanden på havsens strand, med hestar og vogner i stor mengd.

5Alle desse kongane kom saman og fór til Merom-elva. Der slo dei leir og ville gå til strid mot Israel.

6Då sa Herren til Josva: «Ver ikkje redd dei! I morgon på denne tid legg eg dei alle drepne framfor israelittane. Du skal skjera av hasane på hestane deira og brenna vognene deira.»

7Josva og heile hæren hans kom brått over fiendane ved Merom-elva og tok på dei.

8Og Herren gav dei i Israels hender. Israelittane vann over dei og sette etter dei radt til Stor-Sidon og Misrefot-Majim og til Mispa-dalen i aust. Dei hogg dei ned, så ingen vart att eller slapp unna.

9Og Josva gjorde med dei som Herren hadde sagt. Han skar av hasane på hestane deira og brende vognene deira.

10Med så gjort snudde Josva om, tok Hasor og hogg ned kongen der. Hasor var før i tida det fremste av alle desse rika.

11Han bannstøytte byen og øydde ut kvart liv som fanst der. Det vart ikkje att ei levande sjel. Og Hasor brende han.

12Sidan tok han alle dei andre kongsbyane, og kongane hogg han ned med sverd. Han bannstøytte dei, så som Moses, Herrens tenar, hadde sagt han føre.

13Men israelittane sette ikkje eld på nokon av dei andre byane som låg der, kvar på sin haug. Det var berre Hasor Josva brende.

14Alt hærfanget frå desse byane og alt bufeet tok israelittane sjølve. Men folket hogg dei ned med sverd. Dei rudde dei ut og sparte ikkje eit levande liv.

15Det Herren hadde bode Moses, tenaren sin, det hadde Moses sagt til Josva, og etter det gjorde Josva. Han gløymde ikkje noko av alt det Herren hadde sagt til Moses.

16Såleis tok Josva heile dette landet, både fjellbygdene, heile Negev og Gosen-landet, Sjefela og Jordan-dalen, fjell-landet i Israel og låglandet der,

17frå snaufjellet som stig opp mot Se’ir, til Ba’al-Gad i Libanon-dalen, nedunder Hermon-fjellet. Og alle kongane der tok han til fange og slo dei i hel.

18I lang tid låg Josva i strid med alle desse kongane.

19Det fanst ingen by som gjorde fred med israelittane, utan hevittane som budde i Gibeon; alle dei andre tok dei med makt.

20For Herren laga det så at dei gjorde seg harde i hugen og møtte israelittane i strid. Han ville at dei skulle bannstøytast og ingen nåde få, men rydjast ut, så som han hadde sagt til Moses.

21På den tid drog Josva opp i fjellbygdene og rudde ut anakittane i Hebron, Debir, Anab og alle dei andre fjellbygdene i Juda og Israel. Han bannstøytte både dei og byane deira.

22Det vart ikkje mange anakittar att i Israels-landet. Berre dei som budde i Gasa, Gat og Asjdod, fekk leva.

23Så tok Josva heile landet, så som Herren hadde sagt til Moses. Og han lét israelittane få det til odel og eige; kvar ætt fekk sin del. Og landet fekk ro etter ufreden.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Joshua 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.