Joshua 12NO1978NN

1Dei kongane austanfor Jordan som israelittane vann over og tok landet frå mellom Arnon-elva og Hermon-fjellet, på heile austsida av Jordan,

2det var fyrst amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon. Han rådde over landet frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, frå midt i elva, og over halve Gilead til Jabbok-elva, som er grensa mot ammonittane.

3Han rådde òg over austsida av Jordan-dalen, opp til Gennesaret-sjøen og ned til Araba-sjøen – eller Saltsjøen – bort imot Bet-Jesjimot, og sør under Pisga-liene.

4Så var det landet til Og, kongen i Basan, ein av dei som var att av refaittane. Han budde i Asjtarot og Edre’i

5og rådde over Hermon-fjellet, Salka og heile Basan, til grensa mot gesjurittane og ma’akatittane, og over halve Gilead, til grensa mot Sihon, kongen i Hesjbon.

6Desse kongane hadde Moses, Herrens tenar, og israelittane vunne over, og Moses hadde late Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta få landet deira til odel og eige.

7No hadde Josva og israelittane vunne over kongane i landet vestanfor Jordan, frå Ba’al-Gad i Libanon-dalen til snaufjellet som stig opp mot Se’ir. Dette landet gav Josva Israels-ættene til eigedom, så kvar ætt fekk sin del:

8i fjellbygdene, Sjefela og Jordan-dalen, i liene, øydemarka og Negev, i landet til hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane.

9Dette er dei kongane som Josva vann over: kongen i Jeriko, ein, kongen i Ai ved Betel, ein,

10kongen i Jerusalem, ein, kongen i Hebron, ein,

11kongen i Jarmut, ein, kongen i Lakisj, ein,

12kongen i Eglon, ein, kongen i Geser, ein,

13kongen i Debir, ein, kongen i Geder, ein,

14kongen i Horma, ein, kongen i Arad, ein,

15kongen i Libna, ein, kongen i Adullam, ein,

16kongen i Makkeda, ein, kongen i Betel, ein,

17kongen i Tappuah, ein, kongen i Hefer, ein,

18kongen i Afek, ein, kongen i Saron, ein,

19kongen i Madon, ein, kongen i Hasor, ein,

20kongen i Sjimron-Meron, ein, kongen i Aksjaf, ein,

21kongen i Ta’anak, ein, kongen i Megiddo, ein,

22kongen i Kedesj, ein, kongen i Jokneam ved Karmel, ein,

23kongen i Dor på Dor-høgda, ein, kongen over folka i Galilea, ein,

24kongen i Tirsa, ein, i alt trettiein kongar.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Joshua 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.