1Då Josva var gamal og langt oppi åra, sa Herren til han: «No er du gamal og tilårskomen. Men enno er det mykje land å ta.
2Det som står att, er: alle filistarbygdene og heile gesjurittlandet,
3frå Sjikor-elva austanfor Egypt til Ekrons grense i nord. Dette vert rekna for kanaaneisk land og tilhøyrer dei fem filistarfyrstane i Gasa, Asjdod, Asjkalon, Gat og Ekron. Så er det landet åt avittane
4i sør og heile kanaanearlandet og Meara, som tilhøyrer fønikarane, til Afek, til grensa mot amorittlandet;
5vidare gebalittlandet og heile Libanon austover frå Ba’al-Gad nedunder Hermon-fjellet til Lebo-Hamat.
6Alle som bur i fjellbygdene, frå Libanon til Misrefot-Majim, alle fønikarane, vil eg driva ut for israelittane. Kast berre lodd og lat israelittane få dette landet til odel og eige, som eg har sagt deg.
7Skift det ut til dei ni ættene og den eine halvparten av Manasse-ætta!»
8Saman med den andre halvparten av Manasse hadde Ruben og Gad fått odelslandet sitt, det som Moses gav dei på austsida av Jordan. Dette hadde Moses, Herrens tenar, gjeve dei:
9landet frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, byen midt i dalen og heile høgsletta frå Medeba til Dibon,
10alle byane åt amorittkongen Sihon, han som styrte i Hesjbon, heilt til grensa mot ammonittane,
11og så Gilead, landet åt gesjurittane og ma’akatittane, heile Hermon-fjellet og Basan radt til Salka,
12heile riket åt Og i Basan, han som styrte i Asjtarot og Edre’i. Han var den siste som var att av refaittane, som Moses hadde slege og drive ut or landet.
13Men israelittane dreiv ikkje ut gesjurittane og ma’akatittane. Dei har butt i Israel til denne dag.
14Det var berre Levi-ætta Moses ikkje gav noko odelsland. Eldoffera åt Herren, Israels Gud, er deira odel, som han hadde lova dei.
15Fyrst lét Moses Rubens-sønene få sin del, ætt for ætt.
16Dei fekk landet frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, og byen midt i dalen, heile høgsletta til Medeba,
17Hesjbon og alle byane på sletta: Dibon, Bamot-Ba’al, Bet-Ba’al-Meon,
18Jahsa, Kedemot, Mefa’at,
19Kirjatajim, Sibma, Seret-Hasjahar på fjellet i dalen,
20Bet-Peor, Pisga-liene og Bet-Jesjimot,
21og alle dei andre byane på høgsletta, heile riket åt amorittkongen Sihon, som styrte i Hesjbon. Moses slo både han og midjanitthovdingane Evi, Rekem, Sjur, Hur og Reba, fyrstar som stod under Sihon og budde der i landet.
22Mellom dei falne var òg Bileam Beorsson, spåmannen som israelittane drap med sverd.
23Jordan var grensa for landet åt Rubens-sønene. Dette var det landet Rubens-sønene fekk, ætt for ætt, til odel og eige med dei byar og landsbyar som høyrde til.
24Så lét Moses Gads-ætta, Gads-sønene, få sin del, ætt for ætt.
25Det dei fekk, var Jaser, alle byane i Gilead og halvparten av ammonittlandet heilt til Aroer, som ligg midt for Rabba.
26Landet deira nådde frå Hesjbon til Ramat-Hammispe og Betonim og frå Mahanajim til Debir-bygda.
27Nede i dalen fekk dei Bet-Haram, Bet-Nimra, Sukkot og Safon, det som var att av riket åt Sihon, kongen i Hesjbon. Alt dette låg på austsida av Jordan, og grensa fylgde Jordan heilt opp til sørenden av Gennesaret-sjøen.
28Dette var det landet Gads-sønene fekk, ætt for ætt, til odel og eige med byar og landsbyar.
29Så lét Moses halve Manasse-ætta, halvparten av Manasse-sønene, få sin del, ættgrein for ættgrein.
30Dei fekk landet frå Mahanajim og nordover, heile riket åt Og, kongen i Basan, og alle teltbyane åt Ja’ir i Basan, seksti byar,
31og halve Gilead og Asjtarot og Edre’i, kongsbyane åt Og i Basan. Alt dette fekk halvparten av Manasse-sønene, etterkomarane etter Makir, son til Manasse, ætt for ætt.
32Dette var det landet Moses skifte ut medan dei var på Moab-slettene austanfor Jordan, midt for Jeriko.
33Men Levi-ætta gav han ikkje noko odelsland. Herren, Israels Gud, er deira odel, så som han hadde lova dei.