Joshua 14NO1978NN

1Dette er dei bygdene som israelittane fekk til odel og eige i Kanaan. Det var presten Elasar, Josva Nunsson og hovdingane over Israels-ættene som stod for utskiftinga.

2Det vart kasta lodd om landet, så som Herren hadde sagt gjennom Moses, og dei ni ættene og den eine halve ætta fekk land på den måten.

3Dei andre ættene, to og ei halv, hadde Moses gjeve land austanfor Jordan. Men levittane gav han ikkje noko odelsland saman med dei.

4Etterkomarane etter Josef var to ætter, Manasse og Efraim. Og levittane fekk ingen del av landet. Men dei fekk nokre byar til å bu i, med beitemarker åt buskapen og feet deira.

5Israelittane skifte ut landet; dei gjorde som Herren hadde sagt Moses.

6Då kom Juda-sønene til Josva i Gilgal, og Kaleb Jefunneson av Kenas-ætta sa til han: Du veit kva Herren sa til gudsmannen Moses om deg og meg då vi var i Kadesj-Barnea.

7Eg var førti år gamal den gongen Moses, Herrens tenar, sende meg frå Kadesj-Barnea for å speida ut landet, og eg kom attende og sa frå etter beste skjøn.

8Frendane mine som fylgde meg dit opp, tok reint motet frå folket. Men eg heldt meg trufast til Herren min Gud.

9Den dagen svor Moses: «Det landet du set foten din i, skal sanneleg høyra deg og borna dine til for alltid, fordi du heldt deg så trufast til Herren din Gud.»

10Og no ser du at Herren har halde lovnaden sin. Han har late meg leva dei førtifem åra som har gått sidan han tala dette til Moses, all den tid Israel ferdast i øydemarka. Og no er eg, som du ser, åttifem år gamal.

11Framleis er eg like sterk som den dagen Moses sende meg ut. Krafta er den same som då, både i krig og i det daglege yrket.

12Så lat meg no få denne fjellbygda som Herren tala om den dagen. Du høyrde då sjølv den gongen at det bur anakittar der, og at dei har store, sterke byar. Men Herren vil vel vera med meg, som han har sagt, så eg får drive dei ut.

13Då velsigna Josva Kaleb, son til Jefunne, og gav han Hebron til odel og eige.

14Såleis gjekk det til at Kaleb Jefunneson av Kenas-ætta fekk Hebron, som sidan har fylgt ætta hans til denne dag, fordi han heldt seg så trufast til Herren, Israels Gud.

15Hebron hadde før heitt Kirjat-Arba, etter den største mannen mellom anakittane. Då var det slutt på ufreden, og landet fekk ro.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Joshua 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.