Joshua 8NO1978NN

1Så sa Herren til Josva: «Ver ikkje redd, og miss ikkje motet! Ta med deg heile hæren og gjer deg ferdig til å gå mot Ai! Sjå, eg gjev kongen i Ai i dine hender, og folket og byen og landet hans.

2Gjer med Ai og kongen der som du gjorde med Jeriko og kongen der. Men hærfanget og feet kan de ta sjølve. Lat nokre av mennene dine leggja seg i bakhald på vestsida av byen!»

3Då gjorde Josva seg ferdig til å fara opp mot Ai med heile hæren. Han valde ut tretti tusen mann, djerve krigarar, og sende dei av stad om natta.

4Han sa til dei: «Legg dykk i bakhald på vestsida av byen, ikkje langt frå han, og hald dykk budde, alle saman!

5Så skal eg og alt folket som er med meg, gå tett innåt byen. Når dei så dreg ut mot oss, som dei gjorde førre gongen, rømer vi for dei.

6Då kjem dei til å setja etter oss så langt at vi får lokka dei bort frå byen. For dei tenkjer med seg at vi rømer for dei som vi gjorde førre gongen. Og medan vi rømer,

7skal de koma fram frå bakhaldet og ta byen. For no vil Herren dykkar Gud gje han i hendene dykkar.

8Og når de har teke byen, skal de setja eld på han. De skal gjera som Herren har sagt. Dette byd eg dykk.»

9Så sende Josva dei i veg, og dei gjekk av og la seg i bakhald mellom Betel og Ai, vestanfor Ai. Sjølv var Josva hjå folket den natta.

10Morgonen etter stod Josva tidleg opp og mønstra hæren. Så fór han og dei eldste i Israel føre hæren opp til Ai.

11Alle krigarane som var med han, tok i veg og drog fram til dei hadde byen midt for seg. Der slo dei leir nordanfor Ai, så det var ein dal mellom dei og byen.

12Så tok Josva om lag fem tusen mann og la dei i bakhald mellom Betel og Ai, vestanfor Ai.

13Og då dei hadde fylka hæren, både den flokken som låg i leir nordanfor byen, og den som låg vestanfor byen, gjekk Josva ned i dalen om natta.

14Då kongen i Ai såg det, var han snøgg i vendinga. Tidleg om morgonen tok dei ut, både han og mennene i byen, og drog mot israelittane. Kongen og heile hæren hans ville strida mot Israel på samlingsplassen midt for øydemarka. Han visste ikkje at det låg folk og lurte på han vestanfor byen.

15Josva og heile Israel gjorde som om dei tapte for fienden og rømde mot øydemarka.

16Då vart alt folket i byen kalla ut for å forfylgja dei. Dei sette etter Josva og kom lenger og lenger bort frå byen.

17Det var ikkje ein mann att i Ai; alle drog ut etter israelittane. Dei lét byen liggja open og forfylgde Israel.

18Då sa Herren til Josva: «Rett spydet som du har i handa, ut mot Ai! For no gjev eg byen i dine hender.» Josva rette spydet sitt ut mot byen.

19Og då dei som låg i bakhald, såg det, sprang dei fram frå gøymsla si, fór inn i byen og tok han. Så skunda dei seg og sette eld på han.

20Best som mennene frå Ai snudde seg, vart dei var røyken som steig til vers frå byen. Men dei såg seg inga råd til å koma unna, korkje hit eller dit. For den flokken som hadde rømt ut i øydemarka, vende seg no mot forfylgjarane.

21Då Josva og alle israelittane såg at dei som låg i bakhald, hadde teke byen, og at røyken steig opp, snudde dei om og slo mennene frå Ai.

22Samstundes kom dei som hadde teke byen, ut imot dei, så mennene frå Ai fekk israelittane mot seg på to kantar. Og dei vart nedhogne til siste mann; ingen vart att, og ingen slapp unna,

23så nær som kongen i Ai. Han tok dei levande til fange, og dei førte han til Josva.

24Då israelittane hadde drepe alle Ai-buane som hadde sett etter dei ut i øydemarka, og fiendane var falne for sverd alle som ein, då vende israelittane attende til Ai og hogg ned dei som var der.

25Den dagen fall det i alt tolv tusen, både menn og kvinner, alle som budde i Ai.

26Josva tok ikkje til seg handa som han rette ut spydet med, før han hadde bannstøytt alle Ai-buane.

27Berre feet og det hærfanget som israelittane tok i byen, eigna dei til seg, etter det påbodet Herren hadde gjeve Josva.

28Josva brende Ai og gjorde han for alle tider til ein grushaug og ein øydestad, som han har vore til denne dag.

29Kongen i Ai hengde han opp i eit tre, og der vart han hangande til kvelds. Då sola gladde, lét Josva dei ta liket ned frå treet. Dei kasta det framfor byporten og dyngde opp ei stor steinrøys over det; den har lege der til denne dag.

30Den gongen bygde Josva eit altar for Herren, Israels Gud, på Ebal-fjellet.

31Han gjorde det så som Moses, Herrens tenar, hadde sagt israelittane føre, og som det står skrive i lovboka åt Moses: eit altar av utilhogne steinar som det ikkje hadde vore brukt jern på. Der bar dei fram brennoffer for Herren og slakta måltidsoffer.

32Og på steinane rita han inn, medan israelittane såg på, ei avskrift av den lova som Moses hadde skrive.

33Heile Israel, både dei innfødde og innflyttarane, saman med dei eldste i folket og tilsynsmennene og domarane, stod på begge sider av Herrens paktkiste, midt imot levittprestane som bar kista. Den eine halvparten stod vend mot Garisim-fjellet, den andre mot Ebal-fjellet. Såleis hadde Moses, Herrens tenar, sagt at det skulle vera når velsigninga vart lyst over Israels-folket.

34Så las Josva opp alt det som stod i lova, både velsigninga og forbanninga, heiltopp så som det står skrive i lovboka.

35Det fanst ikkje eit ord av alt det som Moses hadde sagt føre, utan at Josva las det opp for heile Israels-lyden og for kvinnene, borna og innflyttarane som fylgde med.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Joshua 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.