Joshua 5NO1978NN

1Alle amorittkongane vestanfor Jordan og alle kanaanearkongane utmed havet miste reint motet då dei høyrde at Herren hadde turka ut Jordan for israelittane medan dei gjekk over, og dei torde ikkje møta israelittane.

2På den tid sa Herren til Josva: «Lag deg nokre steinknivar og omskjer israelittane att!»

3Då laga Josva seg steinknivar og omskar israelittane attmed Ha’aralot-haugen.

4Men at han laut omskjera dei, det hadde seg så: Alt folket som fór frå Egypt, alle menn som då var våpenføre, hadde døytt i øydemarka på vegen frå Egypt.

5No var alle dei som fór frå Egypt, omskorne, men av dei som vart fødde på ferda i øydemarka, var ingen omskoren.

6I førti år hadde israelittane ferdast i øydemarka, til dess alle våpenføre menn som fór frå Egypt, hadde døytt. Dei ville ikkje lyda Herrens ord. Difor svor Herren at dei ikkje skulle få sjå det landet han hadde lova fedrane deira å gje oss, eit land som fløymer med mjølk og honning.

7Men sønene deira, som han hadde late veksa opp i deira stad, dei var det Josva omskar. For dei gjekk med førehud, av di dei ikkje hadde vorte omskorne på ferda.

8Då så heile folket var omskore, heldt dei seg i ro i leiren til såra hadde grott.

9Og Herren sa til Josva: «I dag har eg velt av dykk vanæra frå Egypt.» Difor vart den staden kalla Gilgal, og det har han heitt til denne dag.

10Medan israelittane låg i leir attmed Gilgal, heldt dei påske der på Jeriko-moane, om kvelden den fjortande dagen i månaden.

11Og dagen etter åt dei av landsens grøde; usyrt brød og steikt korn åt dei den dagen.

12Frå den tid vart det slutt på mannaen. No kunne israelittane eta av landsens grøde, og dei fekk ikkje meir manna. Alt same året tok dei til å eta av det som var avla i Kanaan.

13Ein gong medan Josva var bortmed Jeriko, hende dette: Best han såg opp, fekk han auga på ein mann som stod beint framføre han med eit drege sverd i handa. Då gjekk Josva bort til han og spurde: «Er du av våre folk, eller høyrer du fienden til?»

14Mannen svara: «Nei, eg er hovdingen over Herrens hær. No er eg komen.» Då fall Josva på kne, bøygde seg til jorda og sa: «Kva har herren min å seia tenaren sin?»

15Hovdingen over Herrens hær svara: «Ta av deg skorne! For staden du står på, er heilag.» Og Josva gjorde så.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Joshua 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.