Joshua 6NO1978NN

1I Jeriko låste dei portane og stengde seg inne for israelittane skuld. Ingen gjekk ut, og ingen kom inn.

2Då sa Herren til Josva: «Sjå, no gjev eg Jeriko med kongen og dei djerve krigarane hans i di hand.

3Lat alle stridsmennene gå kring byen ein gong om dagen; så skal de gjera i seks dagar.

4Og sju prestar skal gå framføre paktkista, kvar med sitt stridshorn. Men den sjuande dagen skal de gå sju gonger kring byen, og prestane skal blåsa i horna.

5Så skal dei blåsa ein lang tone, og når de høyrer denne hornlåten, skal heile folket setja i eit sterkt krigsrop. Då skal muren ramla ned, så folket kan gå rett inn i byen.»

6Då kalla Josva Nunsson prestane til seg og sa til dei: «Ta paktkista og lat sju prestar gå framføre Herrens kiste med kvar sitt stridshorn!»

7Og til folket sa han: «Ta i veg og gå kring byen! Dei væpna mennene skal gå framføre Herrens kiste.»

8Då Josva hadde sagt dette til folket, gjekk dei av stad, dei sju prestane som bar kvar sitt horn for Herrens åsyn. Dei bles i horna, og Herrens paktkiste fylgde etter.

9Dei væpna mennene gjekk føre prestane som bles i horn, og dei som var attarst i flokken, fylgde etter kista, og horna ljoma alt i eitt.

10Men Josva sa til folket: «De må ikkje ropa og ikkje gje lyd frå dykk. Ikkje eit ord må koma frå munnen dykkar før eg seier: Ropa no! Då skal de ropa.»

11Så lét han dei bera Herrens paktkiste kring byen éin gong. Sidan drog dei inn i leiren og var der om natta.

12Morgonen etter stod Josva tidleg opp, og prestane tok Herrens kiste mellom seg.

13Dei sju prestane som bar kvar sitt horn, gjekk framføre kista og bles i horna alt i eitt. Dei væpna mennene gjekk føre dei, og dei som var attarst, fylgde etter Herrens kiste. Og heile tida ljoma horna.

14Dagen etter gjekk dei òg éin gong kring byen og vende så attende til leiren. Så gjorde dei i seks dagar.

15Den sjuande dagen stod dei opp med det same det tok til å dagast, og gjekk sju gonger kring byen. Dei bar seg like eins åt som før. Men den dagen gjekk dei sju gonger kring byen.

16Då prestane bles i horna den sjuande gongen, sa Josva til folket: «Ropa no! For Herren har gjeve dykk byen.

17Og byen og alt som er i han, skal vera bannlyst og høyra Herren til. Berre skjøkja Rahab og alle som er i huset hennar, skal få leva, fordi ho løynde dei mennene vi sende ut.

18Akta dykk berre så de ikkje får hug på bannlyst gods og tek av det. For då legg de Israels-leiren under bann og fører han i ulukke.

19Men alt sølvet og gullet og alle tinga av kopar og jern skal viast til Herren og koma i skattkammeret hans.»

20Så tok folket til å ropa, og prestane bles i horna. Med det same folket høyrde hornlåten, sette dei i med eit sterkt rop. Då ramla muren ned, og folket gjekk rett inn i byen og tok han.

21Dei bannstøytte alt som fanst der. Både menn og kvinner, unge og gamle, storfe, småfe og esel hogg dei ned med sverd.

22Men Josva sa til dei to mennene som hadde speida ut landet: «Gå inn i huset åt skjøkja og før ut både kvinna og alt folket hennar, som de med eid har lova henne.»

23Så gjekk dei inn, dei unge mennene som hadde vore der og speida, og dei henta Rahab og foreldra og brørne hennar og alle dei andre som høyrde henne til. Alt skyldfolket hennar tok dei med til ein stad utanfor Israels-leiren og lét dei vera der.

24Så sette dei eld på byen og brende han opp med alt som i han var. Berre sølvet og gullet og det som var av kopar og jern, la dei ned i skattkammeret i Herrens hus.

25Josva lét skjøkja Rahab få leva, og heile huslyden hennar, alle som høyrde henne til. Sidan har ætta hennar butt mellom israelittane til denne dag, fordi ho løynde dei mennene som Josva hadde sendt ut for å speida i Jeriko.

26Den gongen lét Josva folket sverja denne eiden: «Forbanna for Herrens åsyn vere den som tek seg til å byggja opp att denne byen. Når han legg grunnvollen, skal det kosta han eldste sonen, og når han set opp portane, skal han missa den yngste.»

27Såleis var Herren med Josva, og det gjekk gjetord om han over heile landet.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Joshua 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.