1Då alt folket var kome over Jordan, sa Herren til Josva:
2«Vel dykk ut tolv menn av folket, ein frå kvar ætt,
3og sei til dei at dei skal ta opp tolv steinar or Jordan, på den staden der prestane står. Desse steinane skal dei bera med seg over og leggja dei ned der de slår leir for natta.»
4Då kalla Josva til seg dei tolv mennene som han hadde valt ut mellom israelittane, ein frå kvar ætt,
5og sa til dei: «Far føre paktkista åt Herren dykkar Gud til de kjem midt ut i Jordan! Der skal de ta kvar sin stein på aksla, etter talet på Israels-ættene.
6Det skal vera eit minnesmerke hjå dykk. Når borna dykkar sidan spør: Kva tyder desse steinane?
7skal de svara: Vatnet i Jordan kløyvde seg framfor Herrens paktkiste. Då ho kom ut i elva, kløyvde det seg. Og desse steinane skal vera eit evig minne om det for israelittane.»
8Israelittane gjorde som Josva sa. Midt uti Jordan tok dei tolv steinar, etter talet på Israels-ættene, så som Herren hadde sagt til Josva, bar dei med seg til den staden dei skulle vera om natta, og la dei ned der.
9Og midt i Jordan, der dei prestane som bar paktkista, stod, reiste Josva tolv andre steinar. Dei har stått der til denne dag.
10Prestane som bar paktkista, vart ståande midt i Jordan til det var gjort, alt det som Herren hadde sagt til Josva at han skulle tala til folket om, i samsvar med alle dei føresegner som Moses hadde gjeve Josva. Så skunda folket seg over.
11Og då alle var komne vel fram, gjekk prestane føre folket med Herrens paktkiste.
12Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta fór fullt budde føre dei andre israelittane, som Moses hadde sagt dei.
13Om lag førti tusen velvæpna menn drog fram for Herrens åsyn til strid på Jeriko-moane.
14Den dagen laga Herren det så at israelittane fekk stor vørdnad for Josva. Så lenge han levde, hadde dei like stor age for han som dei hadde hatt for Moses.
15Herren sa til Josva:
16«Sei til prestane som ber lovkista, at dei skal stiga opp or Jordan.»
17Og Josva sa til prestane: «Stig opp or Jordan!»
18Med det same prestane som bar Herrens paktkiste, steig opp or elva og sette foten på turt land, vende vatnet attende til det gamle lægjet sitt og gjekk over breddene alle stader, som det før hadde gjort.
19Det var den tiande dagen i den fyrste månaden at folket steig opp or Jordan. Dei slo leir attmed Gilgal, lengst aust i Jeriko-bygda.
20Og der i Gilgal reiste Josva dei tolv steinane som dei hadde teke med seg frå Jordan.
21Og han sa til israelittane: «Når borna dykkar sidan spør fedrane sine: Kva tyder desse steinane?
22då skal de fortelja dei det og seia: Israelittane gjekk turrskodde over Jordan her,
23fordi Herren dykkar Gud turka ut elva for dei medan dei gjekk over, liksom han turka ut Sevsjøen for oss då vi fór over den.
24Det gjorde han for at alle folk på jorda skal skjøna at Herrens hand er sterk, og for at de alle dagar skal ottast Herren dykkar Gud.»