1Herren tala til Josva og sa:
2Sei til israelittane at dei skal gje frå seg dei fristadene som eg tala til dei om gjennom Moses.
3Dit skal ein drapsmann kunna røma når han av vanvare og uviljande har slege einkvan i hel. Desse byane skal vera ei livd for han når han rømer for blodhemnaren.
4Drapsmannen kan røma til ein av dei. Så skal han stiga fram i byporten og tala si sak for dei eldste i byen. Og dei skal ta vel imot han og gje han ein bustad hjå seg.
5Når så blodhemnaren kjem etter, skal dei ikkje la han få tak i drapsmannen. For det er uviljande han har slege ein landsmann i hel; han bar ikkje hat til han frå før.
6Han skal få bu der i byen til han har stått til rettes for folket og fått sin dom, eller til han som var øvsteprest på den tid, er død. Då kan drapsmannen fara heim att til sin eigen by og sitt eige hus som han laut røma ifrå.
7Då skilde dei ut desse byane: Kedesj i Galilea i Naftali-fjella, Sikem i Efraims-fjella og Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, i Juda-fjella.
8Og austanfor Jordan, som renn frammed Jeriko, valde dei ut desse: i Rubens-ætta Beser i øydemarka på høgsletta, i Gads-ætta Ramot i Gilead og i Manasse-ætta Golan i Basan.
9Desse byane skulle vera fristader for alle israelittane og for innflyttarane som heldt til mellom dei. Kvar den som av vanvare kom til å slå i hel ein landsmann, kunne røma dit. Han skulle ikkje døy for hemnarhand før han hadde stått til rettes for folket.