Joshua 21NO1978NN

1Ættehovdingane åt levittane kom til presten Elasar, til Josva Nunsson og ættehovdingane åt dei andre israelittane

2og tala såleis til dei i Sjilo i Kanaan: «Gjennom Moses sa Herren frå at vi skulle få byar til å bu i, med beitemarker ikring for feet vårt.»

3Då gjorde israelittane som Herren hadde sagt. Av sitt eige land gav dei levittane desse byane med beitemarker ikring:

4Fyrst fall loddet på Kehat-ættene. Dei levittane som var ætta frå Aron, presten, fekk tretten byar hjå Juda-, Simeons- og Benjamins-ættene.

5Dei andre Kehat-ættene fekk ved loddkasting ti byar frå Efraims- og Dans-ættene og halve Manasse-ætta.

6Gersjon-ættene fekk ved loddkasting tretten byar frå Jissakars-, Asjers- og Naftali-ættene og frå den halvparten av Manasse-ætta som budde i Basan.

7Merari-ættene fekk tolv byar frå Rubens-, Gads- og Sebulons-ættene.

8Desse byane med beitemarkene som høyrde til, gav israelittane til levittane ved loddkasting, så som Herren hadde sagt gjennom Moses.

9Frå Juda- og Simeons-ættene gav dei desse byane som no skal nemnast.

10Det var dei etterkomarane etter Aron som høyrde Kehat-ættene til og var levittar, som fekk dei. For loddet fall fyrst på dei.

11Dei fekk Kirjat-Arba, den byen i Juda-fjella som heitte etter ættefaren til anakittane, og som vi no kallar Hebron, med beitemarkene rundt ikring.

12Men bymarka og landsbyane som høyrde til, gav dei Kaleb Jefunneson til odel og eige.

13Dei som var ætta frå Aron, presten, fekk desse byane: Hebron, som var fristad for drapsmenn, og Libna,

14Jattir, Esjtemoa,

15Holon, Debir,

16Ajin, Jutta og Bet-Sjemesj. Frå desse to ættene var det ni byar med beitemarkene som høyrde til.

17Frå Benjamins-ætta fekk dei Gibeon, Geba,

18Anatot og Almon, fire byar med beitemarkene som høyrde til.

19Såleis fekk Arons-sønene, prestane, i alt tretten byar med beitemarker attåt.

20Dei andre levittane som høyrde Kehat-ættene til, fekk ved loddkasting nokre byar frå Efraims-ætta.

21Dei fekk Sikem i Efraims-fjella, som var fristad for drapsmenn, og Geser,

22Kibsajim og Bet-Horon, fire byar med beitemarkene som høyrde til.

23Frå Dans-ætta fekk dei Elteke, Gibbeton,

24Ajjalon og Gat-Rimmon, fire byar med beitemarkene som høyrde til.

25Frå den eine halvparten av Manasse-ætta fekk dei Ta’anak og Jibleam, to byar med beitemarkene som høyrde til.

26Det var i alt ti byar med beitemarker attåt som dei andre Kehat-ættene fekk.

27Dei levittane som høyrde Gersjon-ættene til, fekk frå den andre halvparten av Manasse-ætta Galon i Basan, som var fristad for drapsmenn, og Be’esjtera, to byar med beitemarkene som høyrde til.

28Frå Jissakars-ætta fekk dei Kisjon, Daberat,

29Jarmut og En-Gannim, fire byar med beitemarkene som høyrde til.

30Frå Asjers-ætta fekk dei Misjal, Abdon,

31Helkat og Rehob, fire byar med beitemarkene som høyrde til.

32Frå Naftali-ætta fekk dei Kedesj i Galilea, som var fristad for drapsmenn, og Hammat-Dor og Kartan, tre byar med beitemarkene som høyrde til.

33Såleis fekk Gersjon-sønene og ættgreinene deira tretten byar med beitemarker attåt.

34Dei andre levittane, Merari-sønene og ættgreinene deira, fekk desse byane: frå Sebulons-ætta Jokneam, Karta,

35Dimna og Nahalal, fire byar med beitemarkene som høyrde til;

36frå Rubens-ætta Beser, Jahsa,

37Kedemot og Mefa’at, fire byar med beitemarker;

38frå Gads-ætta Ramot i Gilead, som var fristad for drapsmenn, og Mahanajim,

39Hesjbon og Jaser, fire byar med beitemarker.

40Såleis fekk dei andre levittane, Merari-sønene, i alt tolv byar ved loddkasting.

41Til saman fekk levittane i odelslandet åt israelittane førtiåtte byar med beitemarker.

42Desse byane hadde kvar sine beitemarker ikring seg; så var det med dei alle.

43Såleis gav Herren Israel heile det landet som han med eid hadde lova å gje fedrane deira. Og dei eigna det til seg og busette seg der.

44Herren lét dei få fred på alle kantar, som han hadde lova fedrane deira. Ingen av fiendane kunne stå seg mot dei; for Herren gav alle fiendar i deira hand.

45Ikkje eit einaste av alle dei gode orda som Herren hadde tala til Israels-ætta, vart om inkje. Alt gjekk som han hadde sagt.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Joshua 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.