1Det andre loddet fall på Simeons-ætta, på Simeons-sønene og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, låg midt i Juda-landet.
2Desse byane vart deira: Be’er-Sjeba, Sjeba, Molada,
3Hasar-Sjual, Bala, Esem,
4Eltolad, Betul, Horma,
5Siklag, Bet-Hammarkabot, Hasar-Susa,
6Bet-Lebaot og Sjaruhen, tretten byar med landsbyar,
7og Ajin, Rimmon, Eter og Asjan, fire byar med landsbyar,
8og alle landsbyane som låg ikring desse byane, heilt til Ba’alat-Be’er, Rama i Negev. Dette var det landet Simeons-sønene og ættgreinene deira fekk.
9Landet deira høyrde Juda til. Den delen som fall på Juda-sønene, var for stor for dei. Difor fekk Simeons-sønene landet sitt midt i deira.
10Det tredje loddet fall på Sebulons-sønene og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, rakk til Sarid.
11Grensa deira gjekk vestover opp til Marala, heldt fram langs Dabbesjet og nådde den elva som renn austanfor Jokneam.
12Frå Sarid svinga ho austover, mot soloppgangen, bort imot Kislot-Tabor-bygda, gjekk så til Daberat og opp til Jafia.
13Derifrå tok ho austover til Gat-Hefer og Et-Kasin, heldt fram til Rimmon og svinga så bort til Hannea.
14Så bøygde ho nordover til Hannaton og enda i Jiftah-El-dalen.
15Sebulon fekk byane Kattat, Nahalal, Sjimron, Jidala og Betlehem, i alt tolv byar med landsbyar.
16Dette var det landet Sebulons-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar.
17Det fjerde loddet fall på Jissakar, på Jissakars-sønene og ættgreinene deira.
18I landet deira låg desse byane: Jisre’el, Hakkesulot, Sjunem,
19Hafarajim, Sjion, Anaharat,
20Harabbit, Kisjon, Ebes,
21Remet, En-Gannim, En-Hadda og Bet-Passes.
22Grensa gjekk frammed Tabor, Sjahasima og Bet-Sjemesj og enda i Jordan. I alt var det seksten byar med landsbyar.
23Dette var det landet Jissakars-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar.
24Det femte loddet fall på Asjers-sønene og ættgreinene deira.
25I landet deira låg desse byane: Helkat, Hali, Beten, Aksjaf,
26Alammelek, Amad og Misjal. Grensa nådde i vest til Karmel og Sjikor-Libnat.
27Der svinga ho austover til Bet-Dagon, nådde til Sebulon, heldt fram nordover til Jiftah-El-dalen, så til Bet-Ha’emek og Ne’iel og til Kabul i nord.
28Så heldt ho fram til Ebron, Rehob, Hammon og Kana, og heilt bort til Stor-Sidon.
29Der svinga ho mot Rama og heldt fram til Tyrus-borga. Så gjekk ho i ein boge om Hosa og nådde ut til havet. Her låg byane Mehalleb, Aksib,
30Umma, Afek og Rehob, i alt tjueto byar med landsbyar.
31Dette var det landet Asjers-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar.
32Det sjette loddet fall på Naftali, Naftali-sønene og ættgreinene deira.
33Det landet dei fekk, nådde frå Helef, frå Sa’anannim-eika, om Adami-Hannekeb og Jabne’el, heldt fram til Lakkum og gjekk ut i Jordan.
34Der svinga grensa mot vest til Asnot-Tabor og heldt fram til Hukkok. I sør grensa landet til Sebulon, i vest til Asjer, og i aust var Jordan grensa.
35I Naftali låg desse festningsbyane: Hassiddim, Ser, Hammat, Rakkat, Kinneret,
36Adama, Rama, Hasor,
37Kedesj, Edre’i, En-Hasor,
38Jiron, Migdal-El, Horem, Bet-Anat og Bet-Sjemesj, i alt nitten byar med landsbyar.
39Dette var det landet Naftali-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar.
40Det sjuande loddet fall på Dans-sønene og ættgreinene deira.
41I landet deira låg desse byane: Sora, Esjta’ol, Ir-Sjemesj,
42Sja’alabbin, Ajjalon, Jitla,
43Elon, Timna, Ekron,
44Elteke, Gibbeton, Ba’alat,
45Jehud, Bene-Berak, Gat-Rimmon,
46Me-Hajjarkon, Harakkon og landet bort imot Jaffa.
47Men det vart for trongt for Dans-sønene i landet deira. Difor drog dei opp til Lesjem, gjekk til åtak på byen og tok han. Dei drap folket i Lesjem med sverd, la byen under seg og busette seg der. I staden for Lesjem kalla dei han Dan etter ættefar sin.
48Dette var det landet Dans-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar.
49Då israelittane vel hadde skift ut landet, stykke for stykke, lét dei Josva Nunsson få ei odelseige mellom seg.
50Dei gjorde som Herren hadde sagt, og gav han den byen han bad om, Timnat-Serah på Efraims-fjellet. Han bygde byen opp att og busette seg der.
51Dette var dei lutene av landet som presten Elasar, Josva Nunsson og ættehovdingane i Israel delte ut ved loddkasting. Det vart gjort i Sjilo, for Herrens åsyn, framfor møteteltdøra. Dermed var dei ferdige med å skifta ut landet.