Joel 3NO1978NN

1Ein gong skal det henda at eg renner ut min Ande ¬over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar ¬skal tala profetord; dei gamle mellom dykk ¬skal ha draumar, og dei unge skal sjå syner.

2Jamvel over trælar ¬og trælkvinner vil eg renna ut min Ande ¬i dei dagane.

3Eg lèt teikn syna seg ¬på himmel og jord: blod og eld og røyksøyler.

4Sola vert omskapt, ho svartnar, og månen vert som blod, før Herrens dag kjem, den store og skræmande.

5Men kvar den ¬som kallar på Herrens namn, skal verta frelst. For på Sion-fjellet ¬og i Jerusalem skal det finnast ein flokk ¬som har sloppe unna, så som Herren har sagt. Og mellom dei ¬som har berga seg, er dei som Herren kallar.

6For sjå, i dei dagar ¬og på den tid, når eg vender lagnaden ¬for Juda og Jerusalem,

7då vil eg samla alle folkeslag og føra dei ned i Josjafat-dalen. Der vil eg halda rettargang ¬med dei om Israel, mitt folk ¬og min eigedom, som dei spreidde mellom folka. Dei delte landet mitt

8og kasta lodd om folket mitt; dei gav ein gut for ei skjøkje og selde ei jente for vin ¬– og drakk.

9Og no, Tyrus og Sidon og alle filistarbygder, kva er det de vil meg? Er det noko de vil gje meg lika for, eller vil de gjera meg eitkvart? Brått vender eg det de gjer, mot dykk sjølve,

10for de tok sølvet og gullet mitt og førte mine dyraste skattar til dykkar eigne tempel.

11De selde folket i Juda og Jerusalem til jonarane, så dei skulle koma langt bort frå sitt land.

12No vil eg få dei til å ta ut frå kvar stad som de har selt dei til, og venda mot dykk sjølve det de har gjort.

13Sønene og døtrene dykkar vil eg la judearane selja. Dei skal selja dei til sabearane, eit folk som bur langt borte. – Herren har tala.

14Rop dette ut mellom folka: Bu dykk til heilag krig, ¬vekk krigarane! Lat alle stridsmenn møta fram ¬og dra ut!

15Smid plogjerna om til sverd og vingardsknivane til spyd! Den veike skal seia: ¬«Eg er ei kjempe.»

16Skunda dykk og kom! Kom saman, alle de folkeslag ¬rundt ikring! Herre, før dine krigarar dit!

17Folkeslaga skal ta ut og fara til Josjafat-dalen. For der vil eg sitja til doms over folk frå alle kantar.

18Sving sigden, ¬for grøda er mogen! Kom og trakk, ¬for vinpressa er full, pressekummane fløymer over! For vondskapen åt folka er stor.

19Det er eit mylder ¬og ståk i avgjerdsdalen, Herrens dag er nær ¬i avgjerdsdalen.

20Sol og måne svartnar, og stjernene misser sin glans.

21Herren skal torna frå Sion, la røysta si ljoma frå Jerusalem, himmel og jord skal skjelva. Men Herren er eit vern ¬for sitt folk, ei borg for Israels søner.

22Då skal de sanna at eg er Herren dykkar Gud, som bur på Sion, ¬mitt heilage fjell. Jerusalem skal vera ¬ein heilag stad, der skal framande ¬aldri meir koma inn.

23Den dagen skal det henda at fjella dryp av druesaft, og haugane fløymer av mjølk, og i alle bekkefar i Juda skal det renna vatn. Ei kjelde vell fram ¬frå Herrens hus og vatnar Akasiedalen.

24Egypt skal verta ei audn og Edom ei øydemark for sitt valdsverk ¬mot judearane. For det var i deira land dei spilte skuldlaust blod.

25Men i Juda ¬skal det alltid bu folk, og i Jerusalem ¬skal ætt fylgja ætt.

26Eg vil hemna dei drepne og ikkje spara dei skuldige. Herren bur på Sion.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Joel 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.