Joel 2NO1978NN

1Blås i horn på Sion, lyft hærrop ¬på mitt heilage fjell, så alle i landet skjelv av redsle. For Herrens dag er nær, ¬han kjem,

2ein dag med mørker og dimme, ein dag med skyer og skodd. Det kjem eit stort ¬og mektig folk og breier seg ¬som morgonroden på fjellet. Det har aldri hatt sin like og skal heller ikkje få det frå ætt til ætt i alle år.

3Framføre det et elden opp, og bakom sleikjer logen. Framføre er landet ¬som hagen i Eden, og bakom ¬ligg ei livlaus øydemark; ingen bergar seg unna.

4Som hestar er folket å sjå til, som hingstar fer dei fram.

5Dei tråvar over åsryggene liksom larmande vogner, lik eld som sprakar i halmen, lik ein veldig hær ¬som er budd til strid.

6Folkeslag skjelv for dei, kvart andlet er eldande raudt.

7Som krigarar rusar dei fram, som stridsmenn ¬stormar dei murar. Kvar ein går strake vegen og bøyer ikkje av frå stigen.

8Ingen trengjer ¬den andre bort, kvar mann held sin plass. Dei rusar fram ¬mellom kastespyd og lèt seg ikkje stogga.

9Dei fer inn i byen, dei stormar opp på muren, dei trengjer inn i husa. Gjennom vindauga går dei ¬som tjuvar.

10Jorda skjelv framføre dei, og himmelen skjek. Sol og måne svartnar, og stjernene misser sin glans.

11Herren lyfter si røyst framfor fylkingen han fører; for veldig er hans hær og mange dei ¬som lyder hans ord. Ja, stor og skræmande ¬er Herrens dag, kven kan halda han ut?

12Men jamvel no, lyder ordet frå Herren, vend om til meg ¬av heile dykkar hjarta, med faste og gråt og klage!

13Riv ikkje kleda sund, men lat angeren riva i hjarta! Vend om til Herren ¬dykkar Gud! For han er nådig og mild, langmodig og rik på miskunn; han kan endra sin plan så han ikkje lèt ulukka koma.

14Kanskje snur han om ¬og endrar sin plan og legg velsigning etter seg – grødeoffer og drikkoffer for Herren dykkar Gud.

15Blås i horn på Sion, lys ut ei faste og kunngjer høgtidssamling!

16Kall folket saman ¬og vigsla lyden, lat dei gamle samlast, ta småborn og spedborn med! Lat brudgomen gå ut ¬or sitt rom og brura ut or sitt kammer!

17Mellom forhall og altar skal prestane, Herrens tenarar, ¬gråta og seia: «Herre, spar ditt folk! Gjer ikkje din eigedom ¬til spott, lat ikkje framande råda ¬over dei! Kvifor skal dei seia ¬mellom folka: Kvar er deira Gud?»

18Då vart Herren fylt med brennhug for sitt land og viste medkjensle ¬med sitt folk.

19Og Herren svara sitt folk: Eg sender dykk korn ¬og vin og olje, så de kan mettast. Aldri meir skal eg gjera dykk til spott mellom folka.

20Fienden frå nord vil eg driva langt bort frå dykk og jaga han til eit turt ¬og øyde land, hans fortropp til havet i aust, hans baktropp til havet i vest. Tev og vond lukt ¬skal stiga opp frå han, for han sette seg føre ¬å gjera storverk.

21Ver ikkje redd, du åkerjord, fagna deg og ver glad! For Herren gjer storverk.

22Ver ikkje redde, ¬de dyr på marka, for beita i øydemarka grønkast, og trea gjev si frukt, fikentre og vintre ber rikt.

23Fagna dykk, de Sions søner, gled dykk i Herren ¬dykkar Gud! For i rettferd gjev han dykk ¬haustregn, han sender dykk regn, haustregn og vårregn som før.

24Kvar treskjevoll ¬fyllest med korn, pressekummane fløymer ¬med druesaft og olje.

25Eg gjev dykk att for dei år då grashoppesvermen herja, og larva, gnagaren og åma, min store hær ¬som eg sende mot dykk.

26De skal eta og mettast og prisa namnet ¬åt Herren dykkar Gud. For han steller underfullt ¬med dykk, og folket mitt skal aldri ¬verta til skammar.

27De skal merka ¬at eg er hjå Israel. Eg og ingen annan ¬er Herren dykkar Gud, og folket mitt skal aldri ¬verta til skammar.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Joel 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.