Amos 1NO1978NN

1Dette er dei orda som Amos, ein av gjætarane frå Tekoa, fekk i syner om Israel. Det var på den tid då Ussia var konge i Juda, og Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel, to år før jordskjelvet.

2Han sa: Herren skal torna frå Sion, la røysta si ljoma frå Jerusalem. Då skal beitemarkene ¬åt gjætarane stura og alt turka bort ¬på Karmels topp.

3Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Damaskus har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei har treskt Gilead med jernslegne sledar.

4Men eg sender eld ¬mot Hasaels hus, han skal øyda ¬Benhadads borger.

5Eg bryt sund ¬portbommen i Damaskus, rydjar ut dei ¬som bur i Aven-dalen, og han som ber kongsstav ¬i Bet-Eden. Og folket i Aram ¬skal førast til Kir, seier Herren.

6Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Gasa har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei førte bort alle dei hadde teke til fange, og gav dei i Edoms vald.

7Men eg sender eld ¬mot muren kring Gasa, han skal øyda borgene i byen.

8Eg rydjar ut dei ¬som bur i Asjdod, og han som ber kongsstav ¬i Asjkalon. Eg vender mi hand mot Ekron, og resten av filistarane ¬skal gå til grunne, seier Herren Gud.

9Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Tyrus har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For alle dei hadde teke ¬til fange, gav dei i Edoms vald; dei kom ikkje brorskapspakta ¬i hug.

10Men eg sender eld ¬mot muren kring Tyrus, han skal øyda borgene i byen.

11Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Edom har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei forfylgde sine brør ¬med sverd og viste ikkje medkjensle. Dei heldt alltid fast ¬på sin vreide og gav aldri opp sin harme.

12Men eg sender eld mot Teman, han skal øyda borgene i Bosra.

13Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬ammonittane har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei skar opp ¬svangre kvinner i Gilead då dei ville gjera ¬sine grenser vide.

14Men eg kveikjer eld ¬mot muren kring Rabba, han skal øyda borgene i byen, medan hærrop lyder ¬på stridens dag, og stormen rasar ¬på uversdagen.

15Då skal kongen deira ¬førast bort som fange saman med hovdingane sine, ¬seier Herren.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Amos 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.