Amos 2NO1978NN

1Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Moab har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei brende Edom-kongens ¬bein til kalk.

2Men eg sender eld mot Moab, han skal øyda borgene ¬i Kerijot. Moabittane skal døy ¬i stridsgny, medan hærrop lyder ¬og horn gjallar.

3Eg rydjar ut han ¬som styrer i landet, og drep alle hovdingar ¬saman med han, seier Herren.

4Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Juda har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei vanvørde Herrens lov og heldt ikkje ¬hans føreskrifter, men lét seg føra vilt ¬av lygngudane, som fedrane deira hadde fylgt.

5Men eg sender eld mot Juda, han skal øyda borgene ¬i Jerusalem.

6Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Israel har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei sel rettferdige ¬for pengar og fattigfolk for eit par skor.

7Dei trakkar småkårsfolks hovud ¬i støvet og trengjer dei hjelpelause ¬bort frå vegen. Ein mann og far hans ¬går til same jenta og vanhelgar såleis ¬mitt heilage namn.

8Dei strekkjer seg ¬på pantsette klede attmed kvart altar, og vin som dei har teke i bøter, drikk dei i huset åt sin Gud.

9Og det var då eg som rudde ut amorittane ¬for dei, dei som var høge som sedrar og sterke som eiker. Eg øydela frukta ovantil og røtene nedantil.

10Det var eg ¬som førte dykk opp frå Egypt og leidde dykk i øydemarka ¬i førti år, så de kunne ta amorittlandet ¬i eige.

11Eg gjorde nokre av sønene ¬dykkar til profetar og nokre av unggutane dykkar ¬til nasirearar. Er det ikkje så, de israelittar? lyder ordet frå Herren.

12Men de gav nasirearane ¬vin å drikka og forbaud profetane ¬å forkynna.

13Sjå, no lèt eg grunnen ¬skaka under dykk som under ei vogn full av korn.

14Den lettføtte finn ikkje livd, den sterke får ikkje ¬bruka si kraft, og krigaren bergar ikkje sitt liv.

15Bogeskyttaren held ¬ikkje stand, den som er lett på foten, ¬kjem ikkje unna, og ryttaren bergar ikkje livet.

16Den djervaste av krigarane skal røma naken den dagen, lyder ordet frå Herren.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Amos 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.