Amos 3NO1978NN

1Høyr dette ordet som Herren har tala mot dykk, de Israels søner, mot heile den ætta som eg førte opp ¬frå Egyptarlandet:

2Berre dykk ville eg ¬kjennast ved mellom alle folk på jorda. Difor krev eg dykk ¬til rekneskap for alle syndene dykkar.

3Går vel to i lag når dei ikkje har vorte samde ¬om det?

4Brøler løva i skogen når ho ikkje har funne rov? Brummar ungløva i hola si når ho ikkje har fanga noko?

5Fell ein fugl i ei snare på marka når ingen har sett ¬ei snare for han? Sprett ei felle opp frå marka utan at ho har fanga noko?

6Gjallar vel hornet i ein by utan at folket skjelv av redsle? Eller hender det ei ulukke ¬i byen utan at Herren har gjort det?

7For Herren Gud gjer ikkje noko utan at han har openberra ¬sitt råd for tenarane sine, profetane.

8Når løva brøler, kven må ikkje reddast då? Når Herren Gud har tala, kven må ikkje då ¬tala profetord?

9Rop ut over borgene i Asjdod, over slotta i Egypt, og sei: Kom saman på Samaria-fjella! Sjå redsla og rådløysa i byen og den valdsferd som der rår!

10Dei har ikkje vit ¬til å gjera det rette, lyder ordet frå Herren, dei dyngjer opp vald og ran ¬i sine slott.

11Difor seier Herren Gud: Fiendar skal kringsetja landet, di sterke festning ¬skal rivast ned, og borgene skal plyndrast.

12Så seier Herren: Som når ein gjætar bergar ut or løvegapet to leggbein eller ein øyrelapp, så skal israelittane verta berga, dei som sit i sofakroken ¬i Samaria og på divanar i Damaskus.

13Høyr og vitna mot Jakobs ætt! lyder ordet frå Herren Gud, ¬Allhærs Gud.

14Den dagen eg krev Israel ¬til rekneskap for syndene deira, lèt eg straffa koma ¬over altara i Betel. Då vert altarhorna avhogne og fell til jorda.

15Då knuser eg både vinterhus og sommarhus. Elfenbeinshusa vert ¬øydelagde, og mange bygningar sig i røys, lyder ordet frå Herren.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Amos 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.