1Høyr dette ordet, ¬de Basan-kyr som bur på Samaria-fjellet! De trælkar småkårsfolk og knuser dei fattige. De seier til mennene dykkar: «Kom med vin, ¬så vi får drikka!»
2Herren Gud har svore ¬ved sin heilagdom: Sjå, dagar kjem over dykk då de skal slepast bort ¬med hakar og dei siste av dykk ¬med fiskekrokar.
3Ut gjennom murrivner ¬skal de fara, den eine etter den andre. De skal drivast bort ¬til Hermon, lyder ordet frå Herren.
4Kom til Betel og synda, til Gilgal og synda til gagns! Ber fram slaktoffer ¬om morgonen og tiender den tredje dagen!
5Lat røyken av syrt brød stiga opp som takkoffer, lys ut friviljug offer, ¬gjer det kjent! For så vil de ha det, ¬de Israels søner, lyder ordet frå Herren Gud.
6Eg lét dykk gå med tom munn i alle byane dykkar og lét dykk vera utan brød alle stader der de budde. Men de vende ikkje om til meg, lyder ordet frå Herren.
7Eg heldt regnet att for dykk då det endå var tre månader ¬til hausten. Eg lét det regna over éin by, men ikkje over ein annan. Eitt jordstykke fekk regn, eit anna fekk ikkje og turka ut.
8Frå to, tre byar raga dei av stad til same by, ville drikka vatn, og fekk ikkje sløkkja torsten. Men de vende ikkje om til meg, lyder ordet frå Herren.
9Eg slo dykk med kornbrann ¬og rust, eg turka ut hagane ¬og vingardane dykkar, og grashopper åt opp fikentre ¬og oliventre. Men de vende ikkje om til meg, lyder ordet frå Herren.
10Eg sende pest mellom dykk ¬som i Egypt. Eg drap dykkar unggutar ¬med sverd, og hestane gav eg til hærfang. Eg lét teven frå krigsleiren stiga opp i nasen på dykk. Men de vende ikkje om til meg, lyder ordet frå Herren.
11Eg sende øyding over dykk, som då Gud la Sodoma ¬og Gomorra i grus; de var som ein brand, ¬riven ut or elden. Men de vende ikkje om til meg, lyder ordet frå Herren.
12Difor vil eg gjera så med deg, ¬Israel! Og fordi eg vil gjera det, så bu deg, Israel, ¬til å møta din Gud!
13Sjå, han som lagar fjella ¬og skaper vinden, som gjer mennesket kjent ¬med sine tankar, han som gjer morgonroden ¬til mørker og fer fram ¬over høgdene på jorda – Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.