Amos 5NO1978NN

1Høyr dette ordet, ¬Israels ætt, ein klagesong ¬som eg syng om deg!

2Ho er fallen ¬og reiser seg aldri meir, Israel, den unge møy. Ho ligg der ¬bortslengd på si jord, og ingen reiser henne opp.

3For så seier Herren Gud: Den byen som sender ut ¬tusen mann, får berre hundre att, og den som sender ut ¬hundre mann, får berre ti att – i Israels ætt.

4Så seier Herren til Israels ætt: Søk meg, så skal de leva!

5Søk ikkje til Betel, kom ikkje til Gilgal, og far ikkje over til Be’er-Sjeba! For folket i Gilgal ¬skal førast bort, Betel skal verta ¬uhyggjeleg audt.

6Søk Herren, så skal de leva! Elles kjem han som eld ¬over Josefs ætt; elden øyder, og det er ingen i Betel ¬til å sløkkja.

7Dei gjer retten om til malurt og kastar rettferda til jorda.

8Han som skapte Sjustjerna ¬og Orion, han som gjer stummande ¬mørker til morgon og dagen til svarte natt, han som kallar på vatnet ¬i havet og auser det ut over jorda – Herren er hans namn.

9Han lèt undergang lyna ¬over borger, lèt festningar siga i røys.

10Dei hatar menn ¬som hevdar retten på tinget, og styggjest ved dei ¬som talar sant.

11De trakkar småkårsfolk ned og krev korn i avgift av dei. Difor skal de ikkje få bu i dei hus de har bygt ¬av tilhoggen stein, og ikkje få drikka vin frå dei herlege vingardar ¬de har planta.

12For eg veit ¬at dykkar brot er mange og dykkar synder utan tal, de som forfylgjer ¬skuldlaust folk, lèt dykk kjøpa for pengar og driv fattigfolk bort ¬frå retten.

13Difor teier den kloke ¬i denne tid; for ei vond tid er det.

14Legg vinn på det gode ¬og ikkje det vonde, så de får leva! Då skal Herren, Allhærs Gud, vera med dykk, som de seier.

15Hata det vonde ¬og elska det gode, hald retten høgt på tinget! Så vil kanskje Herren, ¬Allhærs Gud, vera nådig mot Josefs rest.

16Difor seier Herren, Herren, Allhærs Gud: På alle torg skal lik-klage lyda, i alle gater skal dei ropa: «Ve!» Dei skal henta bonden ¬til syrgjehøgtid, senda bod på folk ¬som kan gråta og klaga.

17I alle vingardar skal dei jamra når eg skrid fram ¬imellom dykk, seier Herren.

18Ve dykk som lengtar ¬etter Herrens dag! Kva vil de med Herrens dag? Han er mørker og ikkje ljos.

19Det er som når ein mann rømer frå ei løve ¬og møter ein bjørn; og kjem han heim ¬og stør handa til veggen, vert han biten av ein orm.

20Ja, mørk er Herrens dag ¬og ikkje ljos, kolmørk er han og utan ljoske.

21Eg hatar og styggjest ¬ved festane dykkar, stemnene dykkar ¬byd meg imot.

22For om de ber fram brennoffer ¬eller grødeoffer, så bryr eg meg ikkje om dei. Og dykkar måltidsoffer ¬med gjøkalvkjøt ser eg ikkje på.

23Lat meg sleppa ¬dine ståkande songar, eg vil ikkje høyra ¬ditt harpespel!

24Lat retten vella fram som vatn, og rettferd lik bekker ¬som aldri turkar.

25Bar de fram for meg slaktoffer ¬og grødeoffer dei førti åra i øydemarka, ¬du Israels ætt?

26Og bar de Sakkut, ¬kongen dykkar, og Kevan, ¬stjerna åt guden dykkar, bileta som de har laga?

27Eg fører dykk i fangenskap til landet bortanfor Damaskus, seier Herren – Allhærs Gud ¬er hans namn.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Amos 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.