1Ve dei som sit trygge ¬på Sion og utan sut på Samarias fjell, dei gjævaste ¬i det fremste folket, dei som Israels-ætta ¬vender seg til.
2Far over til Kalne og sjå, gå derifrå til Hamat, ¬den store byen, og far ned til Gat i Filistarland! Er de betre enn desse rika, har de eit større land enn dei,
3de som jagar ulukkedagen ¬frå dykk og kallar fram ¬eit valdsherredøme?
4Dei ligg på elfenbeinsbenker og strekkjer seg på divanar, dei et lam or saueflokken og gjøkalvar or buskapen.
5Dei syng allslags tull ¬til harpelåt, og finn opp instrument ¬liksom David.
6Dei drikk vin or offerskåler og salvar seg ¬med den beste olje, men syrgjer ikkje ¬over Josefs skade.
7Difor skal dei no førast bort, fremst i fangeflokken; då vert det slutt på skrålet frå dei som ligg og dreg seg.
8Herren Gud ¬har svore ved seg sjølv, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud: Eg styggjest ¬ved Jakobs byrgskap og hatar slotta der; eg gjev opp byen ¬og alt som i han er.
9Om ti menn vert att i eitt og same huset, skal dei òg døy.
10Og ein mann som skal brenna den døde frenden sin, tek han og ber beina ut or huset. Han seier til den som er inst i huset: «Er det nokon att hjå deg?» Den andre svarar: «Nei, ingen.» Så seier han: «Hysj! Herrens namn må ikkje nemnast.»
11For sjå, Herren byd, og han slår det store huset i knas, og det vesle huset så det rivnar.
12Spring vel hestar ¬oppetter bratte fjellet, pløyer ein havet med oksar? Men de gjer retten om til gift og rettferds frukt til malurt.
13De gleder dykk over Lo-Debar ¬og seier: «Var det ikkje med eiga kraft vi tok Karnajim?»
14Sjå, no reiser eg eit folk mot deg, du Israels ætt, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Dei skal trælka dykk frå Lebo-Hamat ¬til Araba-bekken.