Amos 7NO1978NN

1Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå: Han skapte grashopper då håa tok til å veksa; det var håa etter kongens slått.

2Då dei hadde ete opp alt graset ¬i landet, sa eg: «Tilgjev, Herre Gud! Korleis kan Jakob berga livet, så liten som han er?»

3Då endra Herren sitt forsett. «Det skal ikkje henda,» ¬sa Herren.

4Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå: Herren Gud kalla elden til strid. Han slukte det store havdjupet og heldt på å eta opp landjorda.

5Då sa eg: ¬«Hald opp, Herre Gud! Korleis kan Jakob berga livet, så liten som han er?»

6Då endra Herren sitt forsett. «Heller ikkje det skal henda,» ¬sa Herren Gud.

7Dette synet lét han meg sjå: Herren stod på ein mur, og i handa hadde han ¬eit blylodd.

8Og Herren sa til meg: «Kva ser du, Amos?» Eg svara: «Eit blylodd.» Då sa Herren: ¬«No senkar eg loddet midt i Israel, folket mitt. Eg vil ikkje lenger ¬ha tol med det.

9Isaks offerhaugar skal øydast, og Israels heilagdomar ¬siga i røys. Eg vil reisa meg med sverd ¬mot Jeroboams hus.»

10Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel, med desse orda: «Amos har fått til ei samansverjing mot deg midt i Israel. Landet kan ikkje lenger halda ut alle dei orda han talar.

11For Amos har sagt: Jeroboam skal døy for sverd, og israelittane skal førast bort som fangar frå sitt land.»

12Sidan sa Amasja til Amos: «Gå din veg, du sjåar, kom deg av stad til Juda! Der kan du ha ditt levebrød, der kan du vera profet.

13I Betel får du ikkje lenger tala profetord; for det er ein kongeleg heilagdom, ja, eit rikstempel.»

14Då tok Amos til ords og sa til Amasja: Ikkje er eg profet ¬og ikkje profetsvein. Eg er gjætar ¬og dyrkar morbærfiken.

15Men Herren tok meg bort ¬frå saueflokken, og Herren sa til meg: «Gå og ver profet for Israel, ¬mitt folk!»

16Så høyr no Herrens ord: Du seier: «Tal ikkje profetord ¬mot Israel, og preik ikkje mot Isaks ætt!»

17Difor seier Herren: Kona di skal driva utukt i byen, dine søner og døtrer ¬skal falla for sverd, di jord skal mælast ut til andre, du sjølv skal døy ¬på urein grunn, og Israel skal førast bort ¬frå sitt land.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Amos 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.