Amos 8NO1978NN

1Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå: ei korg med mogen frukt.

2Han sa: «Kva ser du, Amos?» Eg svara: ¬«Ei korg med mogen frukt.» Då sa Herren til meg: «Enden er komen for Israel, ¬mitt folk, eg vil ikkje lenger ¬ha tol med det.

3Kvinnene som syng i slottet, skal jamra den dagen, lyder ordet frå Herren Gud. Alle stader ligg det lik i mengd. Dei er slengde til sides. Hysj!»

4Høyr, de som trakkar ¬fattigfolk ned og gjer ende på dei hjelpelause ¬i landet!

5De seier: ¬«Når er nymånedagen slutt, så vi kan selja korn, og sabbaten til ende, så vi kan opna vår kornbu?» Då gjev de ringt mål og tek for stor betaling og fuskar med falske vekter.

6De kjøper småkårsfolk ¬for pengar, ein fattig stakkar ¬for eit par skor og seier: ¬«No sel vi avfallskorn!»

7Herren har svore ¬ved Jakobs ære: Aldri skal eg gløyma alt det dei har gjort!

8Må ikkje jorda skjelva for slikt, så alle som bur der, syrgjer? Ja, må ho ikkje stiga som Nilen, stiga og siga som elva i Egypt?

9Den dagen skal det henda, lyder ordet frå Herren Gud: Eg lèt sola glada middagstider, gjer jorda mørk ¬ved høgljos dag.

10Eg gjer dykkar festar ¬til syrgjehøgtid og alle dykkar viser ¬til klagesong. Eg legg syrgjeklede ¬om alle lender og lèt kvart hovud ¬rakast snautt. Eg valdar slik sorg som når ein syrgjer ¬over einaste sonen, og enden vert ¬som ein ulukkedag.

11Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren Gud, då eg sender hunger i landet, ikkje hunger etter brød ¬eller torste etter vatn, men etter å høyra Herrens ord.

12Dei skal flakka om ¬frå hav til hav, sviva ikring frå nord til aust og leita etter Herrens ord, men dei skal ikkje finna det.

13Fagre jenter og sterke gutar skal siga om av torste ¬den dagen.

14Dei som sver ¬ved Samarias synd og seier: ¬«Så sant din gud lever, Dan!» og: «Så sant din gud lever, ¬Be’er-Sjeba!», dei skal falla ¬og aldri reisa seg meir.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Amos 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.