Amos 9NO1978NN

1Eg såg Herren stå ¬attmed altaret. Han sa: Slå til søylehovuda, så dørstokkane skjelv, og knus dei, så dei fell i hovudet på dei alle! Resten vil eg drepa med sverd. Ingen av dei skal kunna røma, ingen av dei skal sleppa unna.

2Om dei bryt seg inn ¬i dødsriket, skal mi hand henta dei der, og fer dei opp til himmelen, skal eg støyta dei ned derifrå.

3Om dei gøymer seg ¬på Karmels topp, skal eg leita dei opp ¬og henta dei ned, og løyner dei seg for meg ¬på havsens botn, skal eg by ormen bita dei.

4Om fiendar fører dei ¬i fangenskap, skal eg by sverdet ¬drepa dei der. Eg vil retta augo mot dei til ulukke og ikkje til lukke.

5Herren, Allhærs Gud, rører jorda så ho skjelv, og alle som bur der, syrgjer, ja, heile jorda stig som Nilen og sig som elva i Egypt.

6Han som har bygt ¬sin høgsal i himmelen og reist sin kvelv over jorda, han som kallar på vatnet ¬i havet og auser det ut over jorda – Herren er hans namn.

7Er de, israelittar, meir for meg ¬enn Nubias søner? lyder ordet frå Herren. Eg førte Israel opp frå Egypt, men også filistarane frå Kaftor og aramearane frå Kir.

8Sjå, Herren Gud ¬har augo vende mot det syndige riket: No vil eg rydja folket ¬ut or landet. Men eg vil ikkje heilt gjera ende på Jakobs ætt, ¬seier Herren.

9For sjå, eg gjev påbod, og så rister eg Israels ætt mellom alle folkeslaga, som når ein rister ¬korn i såld, og ikkje ein stein fell ¬til jorda.

10For sverdet skal dei døy, alle syndarane i mitt folk, dei som seier: ¬«Ulukka når oss ikkje, ho kjem aldri over oss.»

11Den dagen ¬reiser eg opp att Davids falne hytte. Eg murar att rivnene og reiser det som ligg ¬i røys; eg byggjer henne ¬som i gamle dagar.

12Så kan dei ta resten ¬av Edom i eige og alle dei andre folkeslaga som er nemnde ¬med mitt namn, lyder ordet frå Herren, som fullfører dette.

13Sjå, dagar skal koma, ¬seier Herren, då dei tek til å pløya ¬før skurden er slutt, og trakkar druer ¬til kornet skal såast. Druesafta skal drypa ¬frå fjell og fløyma i alle bakkar.

14Då vender eg lagnaden ¬for Israel, mitt folk. Nedrivne byar ¬skal dei byggja og bu i; vingardar skal dei planta ¬og sjølve drikka vinen, hagar skal dei stella til ¬og sjølve eta frukta.

15Eg plantar dei atter ¬i eiga jord; aldri meir skal dei ¬rykkjast opp or sitt land, som eg har gjeve dei, seier Herren din Gud.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Amos 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.