Obadiah 1NO1978NN

1Dette er synene åt Obadja. Så seier Herren Gud om Edom: Ei tidend har vi høyrt ¬frå Herren, eit bod er sendt ut ¬mellom folka: «Stå opp, lat oss reisa oss ¬til strid mot Edom!»

2Sjå, liten gjer eg deg ¬mellom folka, djupt vanvørd skal du vera.

3Ditt hjartans hovmod ¬har narra deg, du som bur i bergrivner og har ditt tilhald i høgdene, du som tenkjer med deg sjølv: Kven kan støyta meg til jorda?

4Om du byggjer høgt som ørna, ja, legg ditt reir ¬mellom stjernene, så vil eg støyta deg ned derifrå, lyder ordet frå Herren.

5Om det kom tjuvar til deg eller røvarar om natta – å, kor du vert herja – ville dei då stela meir ¬enn dei trong? Om du hadde folk ¬til å hausta din vingard, så leivde dei vel ¬til ei ettersanking.

6Å, kor dei har ransaka Esau, leita opp hans løynde skattar!

7Dei du var i pakt med, driv deg heilt til grensa. Folk du hadde fred med, ¬har svikta deg; dei har fått overtaket på deg. Dei som åt av ditt brød, har sett snarer for deg og seier: «Det finst ikkje vit i han.»

8Den dagen vil eg sanneleg rydja ut dei vise or Edom og dei kloke frå Esaus fjell, lyder ordet frå Herren.

9Dine krigarar, Teman, ¬skal lamast av redsle, kvar einaste mann skal drepast og rydjast bort frå Esaus fjell.

10For ditt valdsverk mot Jakob, ¬bror din, skal du sveipast i skam. Du skal rydjast ut for alltid.

11Den dagen du heldt deg borte, den dagen framande ¬røva hans gods, då utlendingar gjekk inn ¬i hans port og kasta lodd om Jerusalem, då var du òg som ein av dei.

12Du skulle ikkje ha sett ¬med glede på bror din då ulukka råka han, ikkje gledt deg over judearane den dagen dei gjekk til grunne, og ikkje bruka så store ord den tid dei var i naud.

13Du skulle ikkje ha trengt inn i porten åt mitt folk ¬på ulukkedagen. Du skulle slett ikkje ¬ha gledt deg over det dei leid den dagen, og ikkje rett handa ut etter rikdomen deira den usæle dagen.

14Du skulle ikkje ha stått ¬ved vegskila og hogge ned dei som prøvde ¬å koma unna, og ikkje gjeve i fiendehand dei som slapp frå det den dagen folket var i naud.

15For Herrens dag er nær over alle folkeslag; som du har gjort, skal det gjerast med deg. Di åtferd kjem att ¬på ditt eige hovud.

16Som de drakk ¬på mitt heilage fjell, skal kvart folkeslag ¬alltid drikka. Dei skal drikka i fulle drag og verta som om ¬dei aldri hadde vore til.

17Men på Sion-fjellet ¬skal dei halda til, dei som har sloppe unna, og det skal vera ein heilagdom. Jakobs ætt skal ta att ¬sin eigedom.

18Jakobs ætt skal verta ein eld og Josefs ætt ein loge. Men Esaus ætt ¬skal verta til halm, som vert sett i brann og øydd. Av Esaus ætt vert ingen att. Herren har tala.

19Dei som bur i Negev, skal ta Esaus fjell til eige; og dei som bur i Sjefela, skal ta Filistarlandet. Dei skal leggja under seg Efraims-bygdene og Samaria-bygdene, og Benjamin skal ta Gilead.

20Dei bortførte av Israels-hæren skal ta landet åt kanaanearane i eige heilt til Sarepta, og dei landlyste frå Jerusalem, som er i Sefarad, skal ta byane i Negev.

21Dei som er berga, skal stiga opp på Sion-fjellet og halda dom over Esaus fjell-land. Og riket skal høyra Herren til.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Obadiah 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.