Job 9NO1978NN

1Då tok Job til ords og sa:

2Ja, eg veit at det er som de seier: Korleis kan eit menneske ¬ha rett mot Gud?

3Vil det føra sak mot han, kan det ikkje svara eitt ord ¬til tusen.

4Djup er hans visdom ¬og stor hans styrke. Kven kan trassa han ¬og sleppa vel ifrå det?

5Han flytter fjell ¬før nokon veit av det, han velter dei i sin vreide.

6Han rister jorda ut av lage, så søylene hennar skjelv.

7Han byd sola at ho ikkje ¬skal skina, og set segl for stjernene.

8Åleine spente han himmelen ut og skrid fram ¬over havsens bylgjer.

9Han skapte Løva og Orion, Sjustjerna og stjernebileta ¬på sørhimmelen.

10Ja, han gjer storverk ¬som ingen kan granska, og under som ingen kan telja.

11Når han går framom meg, ¬ser eg han ikkje; når han fer framom, ¬merkar eg det ikkje.

12Kven kan hindra han ¬når han grip si fengd? Kven kan seia til han: ¬«Kva er det du gjer?»

13Gud held ikkje att sin vreide, jamvel Rahabs hjelparar ¬laut bøya seg for han.

14Korleis skulle eg kunna svara og velja mine ord ¬når eg talar med han?

15Eg kunne ikkje svara ¬om eg hadde rett, men laut nok be min domar ¬om nåde.

16Og gav han meg svar ¬når eg ropa, kunne eg ikkje tru ¬at han hadde høyrt meg.

17Han ville knusa meg i stormen og utan grunn gje meg ¬mange sår.

18Han lét meg ikkje dra pusten, men fylte meg med liding.

19Er det tale om styrke, ¬så har han den, og om rett, kan han seia: ¬«Kven stemner meg?»

20Om eg har rett, ¬må eg rekna meg for skuldig, og er eg skuldlaus, ¬dømer han meg.

21Skuldlaus er eg, ¬men likesæl om livet, eg bryr meg ikkje om å leva.

22Det kan vera det same! ¬Difor seier eg: Skuldlaus eller skuldig ¬– han tyner begge.

23Kjem det ein flaum ¬som brått valdar død, så spottar han når ein skuldlaus misser motet.

24Jorda er gjeven ¬i nidingars hand, Gud stengjer synet ¬for dei som styrer. Er det ikkje han som gjer det, ¬kven då?

25Mine dagar går snøggare ¬enn nokon kan springa, dei flyr av stad ¬og ser ikkje lukke.

26Dei fer sin veg som sevbåtar, som ei ørn når ho slår ned ¬på si fengd.

27Seier eg: ¬«No vil eg gløyma mi sorg, eg vil skifta mine og vera glad,»

28då gruar eg for alle mine plager, eg veit at du ikkje ¬dømer meg fri.

29Må eg stå der skuldig, kvifor strevar eg då til fåfengs?

30Om eg vaska meg i snøvatn og gjorde hendene reine i lut,

31straks ville du dukka meg ¬i ei grøft, så kleda mine stygdest ved meg.

32Han er då ikkje ein mann ¬som eg, så eg kan gje han svar og gå for retten saman med han.

33Det er ingen skilsdomar som kan leggja handa ¬på oss begge og avgjera saka mellom oss.

34Å, om Gud tok bort riset, så redsla for han ¬ikkje skræmde meg!

35Då skulle eg tala utan å reddast; for eg veit ¬at det har eg ikkje grunn til.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.