Job 8NO1978NN

1Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:

2Kor lenge vil du tala så og la orda rasa som eit uver?

3Trur du Gud kan rengja retten, at Den Allmektige ¬gjer rett til rangt?

4Har borna dine synda mot han, så har han gjeve dei ¬deira brot i vald.

5Gjev du ville venda deg til Gud og be Den Allmektige om nåde!

6Så sant du er skuldlaus ¬og ærleg, vil han vaka over deg, atter reisa din bustad ¬og gje deg rett.

7Då vert det smått, ¬det fyrste du hadde, mot det store du sidan skal få.

8Berre spør dei framfarne ætter, gjev akt på det fedrane fann ut.

9Vi er då frå i går ¬og veit ikkje stort, som ein skugge er våre dagar ¬på jorda.

10Fedrane skal læra deg ¬og seia frå, tala til deg ut frå det dei veit.

11Veks det sev ¬der det ikkje er myrlendt, trivst storren ¬der det ikkje finst vatn?

12Om han enno står grøn ¬og ikkje vert skoren, turkar han bort ¬før alt anna gras.

13Så går det med alle ¬som gløymer Gud, vona kverv for den gudlause.

14Hans trygge ro ¬heng i tynne trådar, han set si lit til spindelvev.

15Han stør seg til sitt eige hus, men det held ikkje; han klengjer seg til det, men det står ikkje støtt.

16Han står som eit grønt tre i sola, greinene breier seg ut ¬over hagen.

17Røtene flettar seg inn ¬i ei steinrøys, hakar seg fast mellom steinane.

18Men vert han bortriven ¬frå sin heimstad, kjennest staden ikkje ved han: «Vi har ikkje sett deg.»

19Sjå, såleis endar hans liv, og ein annan gror opp or molda.

20Sjå, Gud vil aldri visa bort den som er heil i si ferd; men ugjerningsmenn ¬tek han ikkje i handa.

21Han skal fylla din munn ¬med lått og leggja jubelrop ¬på dine lipper.

22Dei som hatar deg, ¬må kle seg i skam, telta åt dei gudlause vert borte.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.