Job 7NO1978NN

1Mannen må træla ¬og slita på jorda, som ein leigekars dagar ¬er hans liv.

2Han liknar trælen ¬som stundar etter skugge, og tenaren som ventar på løn.

3Så vart månader med møde ¬min lut, netter med liding min lagnad.

4Når eg legg meg, må eg tenkja: «Kva tid skal eg stå opp?» Kvelden vert lang, ¬eg ligg der uroleg heilt til det ljosnar av dag.

5Min kropp er kledd ¬med verkjesår og skorper, huda skrukkast og brest.

6Mine dagar fer snøggare ¬enn vevarens skyttel, dei går til endes utan von.

7Kom i hug at mitt liv ¬er som ein pust! Aldri meir får eg oppleva lukke.

8Den som ser meg no, skal aldri sjå meg meir, ser du etter meg, er eg borte.

9Ei sky løysest opp og kverv; så er det òg med den ¬som fer til dødsriket, han stig aldri opp att meir.

10Han vender ikkje heim ¬til sitt hus, hans heimstad ¬ser han aldri meir.

11Så legg eg ikkje band ¬på min munn, men vil tala i mi djupe naud og klaga i min sjelekval.

12Er eg eit hav eller havuhyre sidan du set vakt over meg?

13Når eg seier: ¬«Senga skal vera mi trøyst, mi lege skal letta mi sut»,

14då skræmer du meg ¬med draumar og støkkjer meg med syner.

15Aller helst vil eg kjøvast. Heller døden enn denne liding!

16Eg er lei av dette! Eg lever ikkje evig. Lat meg vera! Mine dagar er som ein pust.

17Kva er eit menneske ¬sidan du set det så høgt og bryr deg så mykje om det?

18Kvar morgon ser du til det, kvar augneblink prøver du det.

19Vil du ikkje snart ¬venda augo frå meg og gje meg ro, ¬så eg kan svelja spyttet?

20Har eg synda, ¬kva skader det deg, du som vaktar på mennesket? Kvifor gjer du meg ¬til skyteskive for deg? Eg har vorte ei bør ¬for meg sjølv.

21Kvifor vil du ikkje tilgje ¬mi synd og bera over med mi skuld? For no må eg leggja meg ¬i støvet; leitar du etter meg, ¬er eg ikkje meir.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.