1Eg er lei av livet, vil klaga mi naud. Eg er beisk i hug og vil tala ut.
2Eg seier til Gud: ¬Fordøm meg ikkje! Lat meg få vita ¬kvifor du klagar meg.
3Har du glede av å gjera urett, av å vraka det du sjølv ¬har skapt, og la ljoset skina over planane åt dei vonde?
4Har du då augo ¬som ein skapning, ser du så som menneske ser?
5Er dine dagar ¬som dagane åt mennesket og dine år som mannens år,
6sidan du leitar etter skuld ¬hjå meg og spør etter mine synder?
7Du veit at om eg er skuldlaus, kan ingen berga meg ¬or di hand.
8Det er du som har forma ¬og skapt meg, og så snur du om og tyner meg!
9Kom i hug ¬at du har laga meg av leire, og så lèt du meg verta ¬til jord att!
10Du lét meg renna ut som mjølk og sidan stivna liksom ost.
11Du kledde meg ¬med kjøt og skinn og vov meg i hop ¬med bein og sener.
12Du gav meg liv ¬og var trufast mot meg, med omhug verna du mi ånd.
13Men dette gøymde du i hjarta, eg veit du hadde det i tankar:
14Du ville vakta på meg ¬når eg synda og ikkje frikjenna meg ¬for skuld.
15Ve meg om eg var skuldig! Og hadde eg rett, kunne eg ikkje lyfta hovudet. Eg var mett av skam og full av liding.
16Og lyfte eg likevel hovudet, ville du jaga meg som ei løve og atter fara underleg fram ¬mot meg.
17Du ville føra nye vitne mot meg, visa meg aukande uvilje og atter og atter ¬senda dine hærar mot meg.
18Kvifor lét du meg koma ut ¬or mors liv? Gjev eg hadde døytt ¬før nokon fekk sjå meg!
19Det hadde vore ¬som om eg aldri var til, frå mors liv ¬hadde dei ført meg til grava.
20Kor få mine levedagar er! Gjev han ville la meg vera, så eg kunne få litt glede
21før eg går bort ¬til det kolmørke landet, som eg aldri kjem att ifrå:
22eit land så svart som natta, der mørker og ugreie rår, og ljoset er mørkt som natta.