Job 11NO1978NN

1Då tok Sofar frå Na’ama til ords og sa:

2Skal ikkje pratmakaren få svar? Får han rett, ¬han som brukar så store ord?

3Skulle skvalderet ditt ¬få menn til å teia, så du kan spotta utan motsegn?

4Du vågar å seia: ¬«Mi lære er rein, og eg står skuldlaus ¬framfor deg.»

5Men ville Gud berre ¬opna munnen og ta til ords imot deg,

6forkynna deg ¬sin løynde visdom, som gjev dobbelt skjøn, då skulle du forstå at Gud kan la di synd ¬verta gløymd.

7Kan du lodda djupnene i Gud eller finna ei grense for stordomen Œt Den Allmektige?

8Høgare er han enn himmelen – kva kan du gjera? – og djupare enn dødsriket – kva veit du?

9Han har større mål enn jorda og femner vidare enn havet.

10Om Gud dreg ut og tek fangar og stemner folk for retten, kven kan hindra han?

11Han kjenner dei falske menner og ser den vondskap ¬som ingen merkar.

12Kan ein uvitug mann få vit? Kan eit villesel ¬skapast om til menneske?

13Om du vender hugen til han og breier ut hendene mot han,

14– er det vondskap i handa, ¬så få han bort, lat ingen urett bu i ditt telt! –

15då kan du utan flekk og lyte ¬lyfta hovudet, stå der støtt og sleppa reddast.

16For du skal gløyma di møde; du skal berre minnast henne, som du minnest vatn ¬som rann sin veg.

17Ditt liv skal verta meir strålande ¬enn middagssola, og mørkret skal verta ¬som ljose morgonen.

18Du kan vera full av tillit, ¬for det er von; du kan sjå deg om ¬og leggja deg trygt.

19Ingen skræmer deg ¬når du går til ro, mange prøver ¬å vinna din godvilje.

20Men dei vonde får sløve augo, dei har ingen stad ¬dei kan røma til, deira einaste von er å få anda ut.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.