Job 12NO1978NN

1Då tok Job til ords og sa:

2Ja, de er sanneleg ¬noko til karar! Med dykk døyr nok ¬visdomen ut.

3Men eg òg har vit, eg er ikkje ringare mann enn de. Kven kjenner ikkje til slikt?

4Eg er til lått for mine vener, eg som ropa til Gud ¬og fekk svar, eg som er rettvis og ærleg.

5«Bry deg ikkje om ulukka!» tenkjer dei som er trygge. «Ho ventar dei ¬som er ustøe på foten.»

6Valdsmenn får ha sine telt ¬i fred; trygge er dei ¬som vekkjer Guds vreide og trur dei har Gud i si hand.

7Spør berre dyra, ¬dei skal læra deg, himmelens fuglar, ¬dei skal gje deg kunnskap.

8Eller tenk på jorda, ¬ho kan opplysa deg, fisken i havet ¬har noko å fortelja.

9Kven skjønar ikkje, ¬når han ser alt dette, at Gud har skapt det ¬med si kraft?

10Han har kvar levande sjel ¬i si hand og rår over ånda ¬i kvar manns kropp.

11Prøver ikkje øyra ¬dei ord som vert sagde, liksom ganen smakar på maten?

12Er det berre dei gamle ¬som har visdom, berre eit langt liv ¬som gjev skjøn?

13Hjå Gud er visdom og velde, han legg planar med vit.

14Når han riv ned, ¬byggjer ingen opp; når han stengjer for ein mann, ¬kan ingen opna.

15Sjå, han demmer for vatnet, ¬då turkar det bort, han slepper det ut, ¬og det riv jorda med seg.

16Hjå han er styrke og klokskap; han rår over den som fer vilt, og over den som fører vilt.

17Rådsherrar ¬fører han berrføtte bort, og domarar gjer han til dårar.

18Han løyser kongars lekkjer og bind hoftekledet om dei.

19Han fører prestar ¬berrføtte bort og feller mektige menn.

20Han tek mælet ¬frå pålitelege folk og dømekrafta frå dei eldste.

21Han auser vanvørdnad ¬ut over fyrstar og løyser beltet på sterke menn.

22Han avslører det ¬som er løynt i mørkret, og det ¬som er stummande mørkt, fører han fram i ljoset.

23Han lèt folka auka ¬– og gjer ende på dei, lèt folkeslag breia seg ¬– og fører dei bort.

24Han tek vitet ¬frå landsens hovdingar og fører dei vilt i veglaus audn.

25Dei fomlar i mørker, ¬og det ljosnar ikkje, han lèt dei raga ¬som drukne menn.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.