Job 13NO1978NN

1Alt dette har eg sett ¬med eigne augo, eg har høyrt det ¬og merka meg det.

2Det de veit, veit eg òg, eg er ikkje ringare mann enn de.

3Men eg vil tala ¬til Den Allmektige og forsvara meg mot Gud.

4Men de som smør på så tjukt ¬med lygn, kvaksalvarar er de alle.

5Gjev de ville teia! Då skulle de reknast for vise.

6Så høyr kva eg har å seia imot, lyd på mitt innlegg i striden!

7Vil de forsvara Gud med urett, tala hans sak på svikefull vis?

8Vil de halda med Gud og vera sakførarar for han?

9Går det godt ¬om han ransakar dykk? Vil de narra han ¬som ein narrar menneske?

10Han kjem til å refsa dykk om de i løynd held med han.

11Vert de ikkje skræmde ¬av hans velde, kjenner de ikkje redsle for han?

12Dei fyndord de talar, ¬er som oske, og dei svar de gjev, ¬held like lite som leire.

13Tei stilt og lat meg få tala, kva som enn måtte henda meg!

14Eg vel den farefulle vegen, ja, set livet på spel.

15Eg ventar på han ¬som vil drepa meg, eg vil visa han at mi ferd er rett.

16Og det skal verta mi berging; for ingen gudlaus ¬kan gå fram for han.

17Så høyr då vel på mine ord, og lyd på mi utgreiing!

18Sjå, no legg eg fram mi sak, eg veit at eg har rett.

19Kan nokon føra klagemål ¬mot meg? Då ville eg teia stilt og døy.

20Berre to ting ¬må du spara meg for, så slepp eg løyna meg for deg.

21Ta handa di bort frå meg, lat meg ikkje skræmast ¬av redsle for deg!

22Stemn meg du, så skal eg svara, eller lat meg tala, ¬og svar meg du!

23Kor mange er mine brot ¬og synder? Lat meg få vita om mi synd ¬og skuld!

24Kvifor løyner du andletet ¬for meg? Kvifor held du meg ¬for ein fiende?

25Vil du skræma ¬eit bortblåse blad og springa ¬etter eit turt halmstrå?

26Hardt er ditt klageskriv ¬mot meg, du lèt meg bøta ¬for min ungdoms synder.

27Du set mine føter i blokka; sidan vaktar du på meg ¬kvar eg går, og merkjer av mine fotefar,

28endå eg er ¬som ein utsliten skinnsekk, lik mòletne klede.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.