1Eg har gjort ein avtale ¬med augo mine at eg ikkje skal sjå på ei møy.
2Kva lut fekk eg elles ¬av Gud i himmelen, kva arv frå Den Allmektige ¬i det høge?
3Ulukke kjem over den ¬som gjer urett, og vanlagnad over den ¬som gjer vondt.
4Ser ikkje Gud korleis eg ferdast, tel han ikkje alle mine steg?
5Skulle eg ha fare med svik og vore snar på foten ¬til å lura folk?
6Lat Gud berre vega meg ¬på rettferds vekt, så skal han skjøna ¬at eg er heil i mi ferd.
7Har eg bøygt av frå vegen og med augo fylgt det ¬som hugar mitt hjarta, finst det flekker ¬på mine hender,
8då kan ein annan få eta ¬det eg har sått, og grøda kan rivast opp ¬med rot.
9Har eg late meg dåra ¬av kvinner, har eg stått på lur ¬ved døra åt min neste,
10då skal kona mi ¬mala korn for ein annan og andre få bøya seg ¬ned over henne!
11For det ville vera skamlaus ferd, ei misgjerning ¬som fører til straff,
12ja, ein eld som tærer ¬radt til avgrunnen; han skulle øyda all mi avling.
13Krenkte eg retten ¬når eg hadde sak med min træl ¬eller mi trælkvinne,
14kva skulle eg då gjera når Gud stod opp til doms, kva skulle eg svara når han granska mi sak?
15Han som skapte meg i mors liv, har ikkje han skapt ¬den andre òg? Er det ikkje den same Gud som har forma oss begge ¬i mors liv?
16Har eg sagt nei til småkårsfolk når dei bar fram sine ynske, og sløkt glansen i augo ¬på enkjer?
17Har eg ete mitt brød åleine, så farlause ikkje ¬fekk smaka det?
18Nei, som ein far ¬har eg fostra dei heilt frå min ungdom, og frå fyrste stund ¬har eg teke meg av enkjer.
19Kunne eg sjå at nokon flakka ikring ¬utan klede, at den fattige ikkje hadde ¬eit teppe?
20Måtte han ikkje velsigna meg fordi han fekk verma hoftene med ull frå lamma mine?
21Har eg lyft hand ¬mot ein farlaus, fordi eg visste ¬eg fekk medhald i retten,
22så lat mitt aksleblad ¬losna frå nakken og armen min gå or led!
23For då vart eg gripen ¬av redsle frå Gud, kunne ikkje stå meg ¬mot hans velde.
24Har eg sett mi von til gull eller sagt at eg lit ¬på det fine gullet?
25Har eg gledt meg ¬fordi rikdomen auka, fordi eg vann mykje gods ¬med mi hand?
26Når eg såg at solljoset stråla og at månen steig i sin glans,
27då lét eg meg aldri dåra til å hylla dei med løynlege ¬kyss.
28Nei, det hadde vore ¬ei misgjerning som førte til straff; då hadde eg fornekta Gud ¬i det høge.
29Har eg gledt meg ¬over min fiendes fall eller jubla når ulukka råka han?
30Eg lét aldri min munn ¬få synda så at eg forbanna han ¬og ynskte han døden.
31Mitt husfolk kan sanneleg seia: «Fekk ikkje alle eta seg mette av kjøtet på hans bord?»
32Og aldri laut ein framand liggja utfor mitt hus om natta; eg opna dørene for farande folk.
33Har eg løynt mine synder ¬så som folk har for skikk, og gøymt mi skuld ved barmen,
34av di eg var redd ¬for den store hopen, knust av vanvørdnad ¬frå ættefrendar, så eg heldt meg i ro ¬og ikkje gjekk ut?
35Gjev einkvan ville høyra ¬på meg! Sjå, her er mi underskrift – lat Den Allmektige ¬svara meg! Gjev eg hadde det skrivet som min motpart har sett opp!
36Då skulle eg ta det på aksla, setja det som eit diadem ¬på mitt hovud!
37Eg skulle svara han ¬for alle mine steg og møta han som ein fyrste.
38Dersom min åker skrik ¬imot meg og alle hans fòrer græt,
39dersom eg utan vederlag ¬har tært på hans kraft og gjort livet tungt ¬for dei som eig han,
40så lat det veksa klunger ¬i staden for kveite og ugras i staden for bygg! Her endar Jobs ord.