Job 32NO1978NN

1No heldt dei tre mennene opp med å svara Job, fordi han meinte at han hadde rett.

2Då vart Elihu brennande harm på Job. Elihu var son til Barakel frå Bus, av Rams-ætta. Han vart harm på Job fordi han meinte at han hadde rett mot Gud.

3Og han vart arg på dei tre venene, fordi dei ikkje hadde noko å svara og såleis gav Gud urett.

4Elihu hadde venta med å tala til Job fordi dei andre var eldre enn han.

5Men då han såg at det ikkje fanst svar i deira munn, vart han brennande harm.

6Så tok Elihu, son til Barakel frå Bus, til ords og sa: Eg er ung av år, ¬og de er gamle. Difor var eg redd ¬og heldt meg tilbake, eg våga ikkje å seia mi meining.

7Eg tenkte: «Lat alderen tala og dei mange år ¬forkynna visdom!»

8Men det er ånda i mennesket og anden frå Den Allmektige som gjev det skjøn.

9Det er ikkje alderen ¬som gjev visdom, dei gamle veit ikkje alltid ¬kva som er rett.

10Difor seier eg: Høyr på meg! Eg òg vil seia mi meining.

11Eg har venta på ¬at de skulle tala, og lydt etter vituge ord, medan de tenkte på ¬kva de skulle seia.

12Eg gav nøye akt på dykk; men ingen har vist ¬at Job tek feil, ingen har svara på hans ord.

13Sei ikkje: ¬«Vi fann visdom hjå han. Berre Gud ¬og ikkje noko menneske kan vinna over han.»

14Han har ikkje retta sin tale ¬til meg, eg vil ikkje svara han så som de.

15Mållause er dei ¬og svarar ikkje meir, orda sviktar dei heilt.

16Skal eg venta når dei ikkje talar, når dei står der ¬og ikkje kan svara?

17Eg òg har noko på hjarta, eg òg vil seia mi meining.

18For eg er full av ord, ånda i mi bringe driv meg.

19Mi bringe er lik innestengd vin, lik nyfylte hiter ¬som held på å rivna.

20No må eg tala, så eg kan få luft, eg vil opna lippene ¬og ta til ords.

21Eg gjer ikkje skil, vil ikkje smigra eit menneske;

22for eg skjønar meg ikkje ¬på smiger. Elles kunne min skapar ¬snart riva meg bort.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 32.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.