1Men høyr på det eg seier, ¬Job, lyd på alle mine ord!
2Sjå, eg opnar min munn, eg vil bruka mål og mæle.
3Eg talar av eit ærleg hjarta, eg seier beint fram det eg veit.
4Det er Guds Ande ¬som har skapt meg, anden frå Den Allmektige ¬held meg i live.
5Dersom du kan, ¬så gjev meg svar! Stå opp og legg fram di sak!
6Sjå, for Gud er vi begge like, eg òg er laga av leire.
7Du treng ikkje skjelva ¬av redsle for meg, mi hand skal ikkje ¬kvila tungt på deg.
8Du sa då så eg høyrde det, – klårt fekk eg tak i orda:
9«Eg er rein og utan synd, lytelaus er eg, fri for skuld.
10Men Gud finn noko å seia ¬på meg, han held meg for sin fiende.
11Han set mine føter i blokka og vaktar meg kvar eg går.»
12Nei, til det vil eg svara: «Dette har du ikkje rett i, for Gud er større ¬enn menneske.»
13Kvifor fører du ¬dette klagemålet mot han: «Han svarar ikkje ¬kva eg så seier.»
14Gud talar ein gong, ¬ja ein gong til, men folk bryr seg ikkje om det.
15I draumar og syner om natta, når menneske fell i tung svevn, eller når dei ligg og blundar,
16då opnar han øyro deira og åtvarar dei ¬på skræmande vis.
17Han vil få mannen bort ¬frå hans udåd og rydja hovmodet ut hjå han.
18Han vil spara han for å gå i grav og berga livet hans frå spyd.
19Mennesket vert tukta med liding på si lege; det er ein stendig strid ¬i hans lemer.
20Maten byd han imot, han har ikkje hug på den gjævaste kost.
21Hans hold tærest bort, ¬ein kan ikkje sjå det; det finst ikkje kjøt på hans bein, dei som ikkje var synlege før.
22Han er komen grava nær, hans liv møter dødens englar.
23Er det då ein engel attmed han, ein einaste talsmann ¬mellom tusen, som kan seia han ¬kva han skal gjera,
24så er han nådig mot han ¬og seier: «Fri han frå å fara ned i grava! Eg har fått løysepengar ¬for han.»
25No vert kroppen sterk ¬som då han var ung, atter vert han ¬som i ungdoms dagar.
26Han bed til Gud, ¬som har godvilje for han, med jubel får han sjå ¬Guds åsyn, og ‘han‘ lèt mannen få att ¬si rettferd.
27Han syng ¬så menneska høyrer det: «Eg hadde synda ¬og krenkt retten, men han gav meg ikkje lika ¬for det.
28Han fria meg frå å gå i grav, no får eg leva og sjå ljoset.»
29Sjå, alt dette gjer Gud ¬for mannen både to og tre gonger.
30Han fører han opp or grava, så han får sjå ljoset ¬i landet åt dei levande.
31Høyr etter, Job, og lyd på meg! Ver still, så eg får tala.
32Har du noko å seia, så svar meg! Tal, for eg vil gjerne gje deg rett.
33Og har du ikkje, ¬så høyr på meg! Ver still, ¬så skal eg læra deg visdom.