Job 30NO1978NN

1No ler dei åt meg, dei som er yngre av år ¬enn eg. Deira fedrar akta eg så lite at eg ikkje sette dei mellom mine gjætarhundar.

2Har dei slik styrke i hendene at dei kan vera til hjelp for meg? Dei har då mist ¬si manndomskraft.

3Uttærte av naud og svolt går dei og gneg på turre moar som alt i går ¬var aude og snaue.

4Under buskane ¬plukkar dei melde, dei et røter av gyvelbusken.

5Utstøytte er dei ¬frå samfunn med menneske, folk ropar etter dei ¬som etter ein tjuv.

6Dei må halda til i ville kløfter og bu i holer i jord og berg.

7Dei skrik mellom buskane og klyngjer seg saman ¬mellom høge tistlar,

8utskot og ærelause folk, som er drivne frå landet.

9No syng dei spotteviser ¬om meg, eg har vorte eit utnemne for dei.

10Dei styggjest ved meg ¬og held seg borte, dei blygjest ikkje ¬ved å spytta på meg.

11Gud har gjort min bogestreng ¬slakk, han har audmykt meg; difor tøymer dei seg ikkje når dei møter meg.

12Deira avkom har reist seg ¬på høgre sida og spenner føtene under meg, dei banar seg veg ¬og vil skada meg.

13Dei bryt opp mine stigar og gjer det dei kan ¬for å tyna meg, endå ingen hjelper dei.

14Dei kjem ¬som gjennom ei vid rivne, mellom ruinar velt dei fram.

15Redsler har kome over meg, mi ære vert bortsopt ¬som av vinden, mi hjelp kverv som ei sky.

16No er mi livskraft borte, vonde dagar må eg smaka.

17Om natta vert mine bein ¬gjennombora, og min verk stilnar ikkje.

18Gud tek tak i min klednad ¬med kraft og snører han om meg ¬som ein skjortekrage.

19Han har støytt meg ned i søla, eg har vorte ¬som mold og oske.

20Eg ropar til deg, ¬men du svarar ikkje; eg står der, ¬og du berre ser på meg.

21Du har vendt deg bort ¬og er nådelaus mot meg, du strider mot meg ¬med veldig hand.

22Du lyfter meg opp i stormen, eg fer av stad og går til grunne medan stormen rasar.

23Eg veit at du fører meg ¬til dødsriket, til staden ¬der alle levande samlast.

24Men retter ikkje mennesket ¬ut si hand når allting sig i røys? Ropar det ikkje om hjelp ¬i ulukka?

25Eg gret då over dei ¬som hadde tunge dagar, og viste medkjensle ¬med dei fattige.

26Eg vona på lukke, ¬men ulukka kom, eg venta på ljos, ¬men det vart mørker.

27Det brusar i meg, ¬eg får ikkje ro; ulukkedagar har møtt meg.

28Eg går og syrgjer, ¬det er ikkje sol; eg reiser meg i samlinga ¬og ropar om hjelp.

29No er eg ein bror av sjakalar, med strutsar held eg lag.

30Skinnet på min kropp er svart, og beina brenn av hete.

31Mitt lyrespel lyder ¬som syrgjesongar og fløytetonen ¬som gråt og klage.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 30.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.