Job 29NO1978NN

1Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:

2Gjev eg hadde det ¬som i farne dagar, då Gud verna om meg,

3då hans lampe lyste ¬over mitt hovud, og eg gjekk gjennom mørkret ¬i hans ljos,

4som eg hadde det då eg var ung, då Guds venskap kvilte ¬over mitt telt,

5då Den Allmektige ¬endå var med meg, og eg hadde mine søner ¬ikring meg,

6då eg kunne lauga mine føter ¬i mjølk, og bekker av olje rann ned ¬frå berget.

7Når eg gjekk ut til byporten og tok sete på torget,

8då drog dei unge seg tilbake så snart dei fekk auga på meg, og dei gamle reiste seg og stod.

9Hovdingar heldt opp med å tala og la handa på sin munn.

10Stormenn tagna, tunga deira hang fast ¬ved ganen.

11Alle som høyrde om meg, prisa meg sæl, og kvar den som såg meg, gav meg lovord.

12Eg berga armingen ¬som ropa om hjelp, den farlause ¬som ingen hjelpar hadde.

13Forkomne menneske ¬velsigna meg, eg gjorde enkjer jublande glade.

14Eg kledde meg i rettferd, ¬ho var min klednad, rettferdig dom ¬var mi kappe og min turban.

15Augo var eg for dei blinde og føter for dei halte.

16Eg var ein far for dei fattige og granska saker ¬for folk eg ikkje kjende.

17Eg knuste kjaken på nidingar og reiv rovet ut or gapet på dei.

18Eg tenkte då: «Eg skal få døy ¬i mitt reir, mine dagar skal verta ¬talrike som sandkorn.

19Til mine røter ¬skal vatn finna veg, og dogg skal falla ¬på mine greiner.

20Støtt skal mi ære fornyast ¬for meg og bogen få ny kraft ¬i mi hand.»

21Folk høyrde på meg, dei venta og var stille når eg gav råd.

22Og når eg hadde tala, tok ingen ordet; min tale draup ned over dei.

23Dei venta på mine ord ¬som på regn, dei opna munnen ¬som for vårregn.

24Var dei motlause, ¬smilte eg til dei; stråla mitt andlet, ¬var ingen sorgfull.

25Eg valde veg for dei; ¬eg sat øvst og trona som ein konge ¬mellom sine stridsmenn, lik ein som trøystar dei ¬som syrgjer.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 29.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.