Job 28NO1978NN

1Det finst gruver ¬der det er sølv, og stader der dei vaskar ut gull.

2Jern hentar dei fram or jorda, og kopar smeltar dei ¬ut or malmen.

3Menneska bryt ¬igjennom mørkret; inst i krokane leitar dei opp stein som ligg i svarte mørkret.

4Arbeidarar frå framande land ¬grev sjakter. Gløymde av folk ¬og utan fotfeste heng dei og dinglar i reip langt borte frå menneske.

5Jorda gjev brødkorn; men djupt der nede vert ho omsnudd med eld.

6I steinen er det safir, og der finst det gullklumpar òg.

7Ingen rovfugl kjenner vegen dit, den har inkje falkeauga sett.

8Der har korkje stolte rovdyr gått eller løveungar sett sin fot.

9Folk legg hand ¬på den harde steinen og grev fjella om frå grunnen.

10Når dei høgg ut gangar i berget, får dei auga ¬på alle slag dyre ting.

11Dei demmer for dropet ¬frå vassårene og hentar løynde skattar ¬fram i dagen.

12Men visdomen, ¬kvar finst vel han, og vitet, ¬kvar har det sin bustad?

13Ingen veit kva han er verd, han finst ikkje ¬i landet åt dei levande.

14Djupet seier: ¬«I meg er han ikkje,» havet seier: «Han er ikkje her.»

15Ein kan ikkje få han ¬for det finaste gull, prisen kan ikkje betalast ¬med sølv;

16han kan ikkje kjøpast ¬for Ofir-gull, for dyr karneol og safir.

17Korkje gull eller glas ¬kan liknast med han, og ingen kan byta han til seg for kar av det finaste gull.

18Korallar og bergkrystall kan ikkje nemnast attåt han; å eiga visdom ¬er betre enn perler.

19Krysolitt frå Nubia ¬kan ikkje liknast med han, han kan ikkje betalast ¬med reint gull.

20Kvar kjem då visdomen frå, og kvar har vitet sin bustad?

21Han er usynleg ¬for alle som lever og løynd for fuglane ¬under himmelen.

22Undergangsstaden ¬og døden seier: «Vi har berre høyrt ¬ei tidend om han.»

23Men Gud kjenner vegen ¬til visdomen, han veit ¬kvar han har sin bustad.

24Hans auga når ¬til heimsens endar, alt under himmelen ser han.

25Då han gav vinden styrke og lét vatnet få det rette mål,

26då han sette ei lov for regnet og gjorde veg for toreskya,

27då såg han visdomen ¬og mælte han, han lét han stå fram ¬og granska han.

28Og han sa til mennesket: Å ottast Herren, det er visdom, å halda seg frå vondskap, ¬det er vit.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 28.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.