Job 27NO1978NN

1Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:

2Så sant Den Allmektige lever, han som ikkje lèt meg få ¬min rett, Gud som har gjort meg beisk ¬i hug:

3Så lenge det er livsande i meg, pust frå Gud i min nase,

4skal eg ikkje ta urett ¬på mine lipper eller svik på mi tunge ¬når eg talar.

5Eg kjem aldri til å gje dykk rett; så lenge eg lever, gjev eg ikkje opp mi ¬ærlege ferd.

6Eg held fast på min rett ¬og slepper han ikkje. Hjarta mitt klagar meg ikkje for noko eg har gjort i mitt liv.

7Lat min fiende stå der ¬som niding, min motstandar ¬som ugjerningsmann.

8For kva kan den gudlause ¬vona på når Gud skjer livstråden av og gjer ende på hans liv?

9Høyrer Gud hans klagerop når trengsla kjem over han?

10Kan han gleda seg ¬over Den Allmektige og stendig ropa til Gud?

11Eg vil læra dykk om Guds makt og ikkje dølja kva ¬Den Allmektige har tenkt.

12De har då sett det, alle saman. Kvifor kjem de så ¬med tome ord?

13Dette er den lagnad som det vonde mennesket får ¬hjå Gud, den arv som valdsmannen får frå Den Allmektige.

14Om borna hans er mange, skal dei falla for sverd, og etterkomarane får ikkje brød, så dei kan eta seg mette.

15Dei som slepp unna, ¬skal døy i pest, og enkjene held ikkje ¬syrgjehøgtid.

16Når han haugar opp sølv ¬som mold og samlar seg klede som leire,

17skal rettferdige kle seg med det han har samla, og skuldlause menn dela sølvet.

18Det huset han byggjer, er som spindelvev, som lauvhytta vaktmannen ¬lagar seg.

19Han legg seg ned ¬som rikmann, men det gjer han aldri meir; når han vaknar, ¬er rikdomen borte.

20Redsler når han att som vatn, om natta ¬sopar stormen han bort.

21Austavinden lyfter han opp og riv han med, ¬så han fer av stad.

22Folk kastar på han utan skånsel, han må røma frå deira vald ¬og makt.

23Dei klappar hånleg i hendene og pip han bort frå hans stad.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 27.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.