Job 26NO1978NN

1Då tok Job til ords og sa:

2Kor godt du har hjelpt ¬ein kraftlaus mann og støtta ein arm ¬som ikkje har styrke!

3Du gav råd ¬til den som vanta visdom, og stort skjøn lét du han få.

4Kven hjelpte deg til å finna ord, kven kjem ho ifrå, den ånda som går ut frå deg?

5Daudingane skjelv av angst ¬der nede, vatnet og alt som held til i det.

6Dødsriket ligg ope for Gud, undergangsstaden ¬er ikkje løynd for han.

7Han har breitt nordhimmelen ¬ut over audna, hengt jorda opp ¬over det tome rom.

8Vatnet sveiper han i skyer, og skylaget brest ikkje ¬under det.

9Han stengjer, ¬så ingen ser hans kongsstol når han breier sine skyer ¬ut under den.

10Han har drege opp ¬himmelranda over havet, der grensa går ¬mellom ljos og mørker.

11Søylene under himmelen skjelv, lamslegne er dei når han trugar.

12Han rørte opp havet ¬med si kraft og knuste Rahab i sin klokskap.

13Når han lèt det blåsa, ¬klårnar himmelen. Med si hand ¬har han gjennombora ormen som rømer så raskt.

14Sjå, dette er berre randa ¬av hans verk; det er som å høyra ei kviskring. Kven kan då skjøna den tora som lyder når han gjer storverk?

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 26.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.