Job 23NO1978NN

1Då tok Job til ords og sa:

2Ja, i dag må eg klaga sårt. Tungt ligg hans hand på meg ¬når eg sukkar.

3Å, visste eg berre korleis eg kunne finna han og koma fram ¬for hans kongsstol.

4Då la eg fram for han mi sak og fylte min munn ¬med gode grunnar.

5Då fekk eg vita ¬kva han ville svara, og skjøna ¬kva han ville seia meg.

6Ville han strida mot meg ¬med si store makt? Å nei, han ville nok høyra ¬på meg.

7Så drøfte eg ærleg mi sak ¬med han og berga min rett for alltid.

8Men går eg mot aust, ¬så er han ikkje der, og mot vest, ¬så merkar eg han ikkje.

9Går eg mot nord, ¬ser eg ikkje kva han gjer, snur eg mot sør, ¬får eg ikkje auga på han.

10Han kjenner den vegen eg går; som gull ¬skulle eg stå hans prøve.

11Eg fylgde støtt i hans fotefar og heldt meg trufast ¬på hans veg.

12Eg veik ikkje av ¬frå dei bod han gav, men gøymde hans ord ¬i min barm.

13Han er alltid den same ¬– kven kan hindra han? Det han har hug til, ¬det gjer han.

14Han fullfører det ¬han har fastsett for meg, og mykje slikt har han i tankar.

15Difor gruar eg for å møta han; når eg tenkjer på han, ¬må eg skjelva.

16Gud har gjort meg motlaus, Den Allmektige ¬har skræmt meg.

17Men mørkret ¬har ikkje tynt meg, endå det skumrar ikring meg.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 23.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.