Job 22NO1978NN

1Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:

2Kan eit menneske vera ¬til nytte for Gud? Nei, den kloke ¬gagnar berre seg sjølv.

3Bryr Den Allmektige seg ¬om di rettferd, har han vinning ¬av at du er heil i di ferd?

4Er det di gudsfrykt ¬han refser deg for når han fører klagemål ¬mot deg?

5Er ikkje din vondskap stor og dine misgjerningar ¬utan ende?

6Du panta brørne dine ¬utan grunn, drog kleda av folk ¬som var bortimot nakne.

7Den trøytte gav du ikkje vatn, den svoltne lét du ikkje få brød.

8Som om landet tilhøyrer ¬den som brukar makt, og berre storfolk skal bu der!

9Du sende enkjer ¬tomhendte bort og nekta å hjelpa farlause born.

10Difor er snarer sette ikring deg, brått vert du gripen av redsle.

11Det vert så mørkt ¬at du ikkje kan sjå, ein vassflaum skyl over deg.

12Er ikkje Gud så høg ¬som himmelen? Sjå stjernekvelven, ¬kor høg han er!

13Likevel spør du: ¬«Kva veit vel Gud? Kan han fella dom ¬bak skoddeeimen?

14Han er løynd av skyer ¬og kan ikkje sjå der han vandrar ¬utmed himmelranda.»

15Vil du fylgja den gamle stigen som ugjerningsmenn ¬har trakka?

16Dei vart rivne bort før tida, flaumen skylde vekk ¬deira grunnvoll.

17Dei sa til Gud: «Gå frå oss! Kva kan Den Allmektige ¬gjera for oss?»

18Men han hadde fylt deira hus ¬med gode ting; nidingars råd var langt ifrå han.

19Dei rettferdige ¬ser det med glede, og dei skuldlause spottar dei:

20«Sanneleg, ute er det ¬med fiendane våre, resten av dei har elden øydt.»

21Forlik deg no med han ¬og hald fred, så skal lukka venda tilbake ¬til deg.

22Ta imot rettleiing ¬frå hans munn, og legg deg hans ord på hjarta.

23Vender du om ¬til Den Allmektige, skal du atter reisast opp. Held du urett borte frå ditt telt,

24og kastar du gullet ditt i støvet, ditt Ofir-gull ¬mellom steinar i bekken,

25skal Den Allmektige vera ¬som gull for deg, ja, som det finaste sølv.

26Då skal du gleda deg ¬over Den Allmektige, og lyfta andletet til Gud.

27Når du bed til han, ¬vil han høyra deg, og du skal gjera det du har lova.

28Det du set deg føre, ¬skal lukkast, og ljos skal skina på dine vegar.

29Han audmykjer dei ¬som talar hovmodig, men frelser dei ¬som slår augo ned.

30Han bergar den ¬som er fri for skuld; har du reine hender, ¬vert du berga.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 22.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.