Job 21NO1978NN

1Då tok Job til ords og sa:

2Høyr vel etter det eg seier, lat det vera den trøyst ¬de gjev meg.

3Ber over med meg, ¬så eg får tala; når eg er ferdig, kan de spotta.

4Er det menneske mi klage gjeld? Har eg ikkje grunn ¬til å vera utolmodig?

5Vend dykk hit, ¬så vil de støkka til og leggja handa på munnen.

6Eg tenkjer på noko ¬som gjer meg forfærd, heile kroppen skjelv:

7Kvifor skal dei gudlause få leva, verta gamle og auka si makt ¬og sin rikdom?

8Trygt lever borna deira hjå dei, etterkomarane ¬har dei ikring seg.

9Deira hus er trygge ¬mot det som skræmer, og Gud brukar ikkje riset ¬på dei.

10Hjå dei spring oksane ¬aldri fåfengt, kyrne kalvar og kastar ikkje.

11Dei slepper ut småborna ¬som sauer, og gutane hoppar og dansar.

12Dei syng til tromme- og lyrelåt og jublar til fløytetonar.

13Dei endar sine dagar i lukke og går til dødsriket i fred.

14Endå seier dei til Gud: ¬«Gå frå oss! Vi har ikkje hug ¬til å kjenna din veg.

15Kvifor skal vi tena ¬Den Allmektige? Kva nyttar det ¬at vi bed til han?»

16Dei gudlause ¬har ikkje lukka i si hand, dei legg planar ¬utan å rekna med Gud.

17Kor ofte sloknar lampa ¬for nidingar, kor ofte kjem ulukka over dei? Er det slik ein lagnad ¬han gjev dei i sin vreide?

18Lèt han dei verta ¬som halmstrå i vinden, lik agner ¬som stormen sopar bort?

19Er det Guds vilje ¬å spara mannen og la ulukka ¬koma over hans born? Nei, han burde straffa han sjølv ¬så det kjennest.

20Han skulle få sjå sin undergang, drikka vreidevin ¬frå Den Allmektige.

21For kva bryr han seg ¬om si ætt etter døden, når hans tilmælte tid er ute?

22Er det nokon som vil læra Gud, han som rår ¬over dei høgaste skapningar?

23Éin døyr midt i si beste kraft, heilt igjennom sorglaus ¬og roleg,

24hans kar er fulle av mjølk, og hans bein har saftfull merg.

25Ein annan døyr med bitter hug og har aldri fått nyta lukke.

26Så ligg dei begge nedi molda, fulle av makk og kryp.

27Ja, eg kjenner dykkar tankar, dei vonde planar ¬de legg imot meg.

28For de spør: ¬«Kvar er stormannens hus? Kvar er teltet ¬der dei gudlause budde?»

29Har de ikkje spurt vidfarne folk og lagt merke til ¬det dei kan fortelja?

30Den vonde vert spart ¬på ulukkedagen, han finn berging ¬på vreidedagen.

31Kven påtalar ope ¬hans ringe ferd, kven gjev han att ¬for det han har gjort?

32Dei ber han til grava, og ved gravhaugen ¬held dei vakt.

33Han kviler i fred ¬under torva i dalen. Alle menneske fylgjer etter, og ei tallaus mengd ¬har gått føre.

34Nei, de trøystar meg ¬til inga nytte, falske er dei svar de gjev.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.