Job 20NO1978NN

1Då tok Sofar frå Na’ama til ords og sa:

2Mine tankar gjev meg svar ¬på dette, difor er eg så oppøst.

3Til mi skam ¬må eg høyra refsingsord, men ut frå mitt skjøn ¬gjev mi ånd meg svar.

4Du veit at så har det vore ¬frå eldgamal tid, heilt sidan mennesket ¬vart sett på jorda:

5Dei gudlause jublar ¬ei lita stund, ein augneblink varer ¬nidingens glede.

6Om hans hovmod ¬lyfter seg himmelhøgt, og hans hovud reiser seg ¬mot sky,

7så går han for alltid ¬til grunne som skit; dei som såg han, spør: ¬«Kvar vart det av han?»

8Han flyg bort som ein draum ¬og finst ikkje meir, han kverv som eit syn om natta.

9Auga som såg han, ¬ser han ikkje lenger, han er aldri meir å sjå ¬på sin heimstad.

10Hans born må be ¬småkårsfolk om hjelp; og sjølv må han gje ¬sin rikdom attende.

11Hans bein var fulle ¬av ungdoms kraft, men no må ho fylgja ¬med han i støvet.

12Det vonde smakar søtt ¬i hans munn, han gøymer det under tunga.

13Han sparer på det ¬og slepper det ikkje, men held det fast mot ganen.

14Likevel vert maten omskapt ¬i hans mage og vert til ormeeiter i hans liv.

15Den rikdom han slukte, ¬må han kasta opp, Gud driv det ut or hans buk.

16Ormeeiter må han suga i seg, hoggormen drep han ¬med si tunge.

17Aldri får han sjå at det renn bekker med honning ¬og elvar med mjølk.

18Han må gje att ¬det han har vunne, og får ikkje nyta godt av det; han har inga glede ¬av den rikdom han vann.

19For han knuste småkårsfolk ¬og lét dei liggja, han røva hus ¬som han ikkje hadde bygt.

20Men inni seg fekk han aldri ro, med alle sine skattar ¬kan han ikkje bergast.

21Ingen ting slapp unna ¬hans grådige lyst, difor skal hans velstand ¬ikkje vara.

22Trongt vert det for han ¬midt i hans overflod, ulukka råkar han ¬med all si makt.

23For at han skal få nok, sender Gud imot han ¬sin brennande vreide og lèt undergang regna på han.

24Rømer han for jernvåpen, skal ein bronseboge ¬gjennombora han.

25Han dreg pila ut or ryggen og blanke odden or galleblæra; då vert han gripen av redsle.

26Berre mørker har han i vente. Han skal øydast av ein eld som ingen blæs på. Dei av hans ætt ¬som har sloppe unna, skal det gå ille.

27Himmelen openberrar ¬hans skuld, og jorda reiser seg mot han.

28Den avling han har i sitt hus, ¬vert ført av stad, ho vert bortskyld ¬på Guds vreidedag.

29Slik lagnad ¬får vonde menneske av Gud, det er den arv han har etla dei.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 20.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.